Suldal kommune

Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland.

Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur i underkant av 3900 menneske her. 1300 av desse bur i kommunesenteret Sand. I Suldal kan du oppleve det mjuke, lune fjordlandskapet som kjenneteiknar Ryfylke. Du kan vitja sjarmerande små strandstader, reisa gjennom breie og frodige dalføre, sjå kulturhistoriske minnesmerke og djupe skogar.Til tross for Norges største kraftutbygging, finn du framleis store urørte fjellområde. Suldal byr på eit mangfald av opplevingar både når det gjeld natur, kultur og aktivitetar.

Fleire medlemer  i Ryfylkealliansen