Norges flottaste juletre kjem frå Ryfylke

nov 30, 2018 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Finalen i konkurransen «Norges flottaste juletre» gjekk av stabelen i Juletrebyen Jørpeland i går, torsdag. Det er fjerde året at konkurransen blir arrangert, og for andre året var finalen i forbindelse med opning av Juletrebyen på Jørpeland.16 tre frå ulike stader i landet var med i konkurransen, og det var altså eit tre frå Ryfylke som gjekk av seieren.

-Juryen var aldri i tvil, sa juryformann Tone Ingebritsen. (bildet)

Olav Ravnås frå Bjørheimsbygd har jobba med juletre i 25 år, og var svært nøgd etter seieren. I fylgje Stavanger Aftenblad reknar han med å senda avgarde rundt 10 000 tre denne jula. Du kan lese saka i Stavanger Aftenblad her (abonnement). Og her kan du sjå NRK Rogaland sin reportasje frå konkurransen (ca 3.20 ut i sendinga)

Vinnartreet blir plassert i ein monter på torget på Jørpeland, og vil såleis gleda mange fram mot jul. Saman med dei mange andre juletreinstallasjonane i Juletrebyen Jørpeland.

Foto av vinnaren: Ryfylke Livsgnist
Foto frå Juletrebyen Jørpeland: Strandbuen

 

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This