Ryfylke IKS

Ryfylke IKS er regionrådet for kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Føremålet er å styrkja regionen gjennom interkommunalt samarbeid med hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt.

Selskapet driv verksemda dels i eigen regi, dels som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder.
Ryfylkerådet - ordførarane og rådmennene i eigarkommunane - er selskapets operative eigarar. Styret sørgjer for forsvarleg drift av selskapet og fører tilsyn med dagleg leiar.
Kontoret ligg i dag på Hjelmeland, og har 5 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Vedtekter

Føremål og føresetnader  Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap, oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.1.1999 nr. 6, med kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Sauda som deltakarar. Andre kommunar har høve til å søkja medlemskap.  

Føremålet med selskapet er å styrkja regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid med hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt. Selskapet kan driva si verksemd dels i eigen regi og dels fungera som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder.  Samarbeidet skal leggja til grunn deltaking frå likeverdige partar og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.  

Selskapet kan òg inngå samarbeidsavtalar med kommunar, andre selskap og verksemder.  Selskapet sitt administrasjonsmål er nynorsk.

Kontorstad er på Hjelmeland (i same bygg som Rymi).

 

Kontakt oss

Torkel Myklebust

Dagleg leiar
Telefon:
414 47 800

Geir Ims

Regionutviklar
Telefon:
913 29 657

Ketil Barkved

Regionutviklar
Telefon:
917 66 096

Geir Ims

Prosjektansvarlig
Telefon:
913 29 657

Aktuelt frå Ryfylke IKS

Prosjekt i Ryfylke IKS

Ryfylkerådet - møtebøker

Styret i Ryfylke IKS

Hallgeir Amdal

Styreleiar

Torhild Pedersen

Nestleiar

Laila Steine

Styremedlem

Svanhild Løge Skålheim

Varamedlem

Torstein Haukalid

Varamedlem