RYFYLKE IKS

RYFYLKE IKS

Ryfylke IKS er samarbeidsrådet for fem av kommunane i Ryfylke. Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand har eit pliktande samarbeid på mange plan, som skal løfta og utvikla  Ryfylke på mange plan. Det kan vera alt frå arbeid om kraftkrevjande industri til samferdselsprosjekt.

Om Ryfylke IKS

Selskapet driv verksemda dels i eigen regi, dels som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder.

Ryfylkerådet – ordførarane og rådmennene i eigarkommunane – er selskapets operative eigarar. Styret sørgjer for forsvarleg drift av selskapet og fører tilsyn med dagleg leiar. Kontoret ligg i dag på Hjelmeland, og har 2 tilsette pluss prosjektmedarbeiderar. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Kontakt

Dagleg leiar i Ryfylke IKS er Øyvind Lundbakk. 
E-post: oyvind.lundbakk@ryfylkeiks.no 
Telefon: 990 09 965

Vedtekter

Føremål og føresetnader:  Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap, oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.1.1999 nr. 6, med kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Sauda som deltakarar. Andre kommunar har høve til å søkja medlemskap.

Føremålet med selskapet er å styrkja regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid med hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt. Selskapet kan driva si verksemd dels i eigen regi og dels fungera som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder.  Samarbeidet skal leggja til grunn deltaking frå likeverdige partar og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.

Selskapet kan òg inngå samarbeidsavtalar med kommunar, andre selskap og verksemder.  Selskapet sitt administrasjonsmål er nynorsk.

Kontorstad er på Hjelmeland.

ANDRE KONTAKTPERSONAR

Bjørn Laugaland

Rådsordfører Ryfylkerådet

Ordfører i Hjelmeland

Hallgeir Amdal

Styreleiar Ryfylke IKS

Geir Ims

Regionsutviklar

Ketil Barkved

I permisjon

Rymi (Ryfylke Miljøverk Iks)

Ryfylke Miljøverk IKS

Geir Ims

Aktuelt frå Ryfylke IKS

Pin It on Pinterest