RYFYLKEALLIANSEN

RYFYLKE-
ALLIANSEN

Ryfylkealliansen er ei foreining som jobbar for å styrka samhald internt og gjera Ryfylke kjent eksternt. Om lag 175 medlemer jobbar saman og brukar stolt ryfylkelogoen. Medlemene er små og store bedrifter, festivalar, kommunane, enkeltpersonføretak og organisasjonar. 

Om RyfylkeALLIANSEN

Ryfylkealliansen har til oppgåve å fremja identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke gjennom langsiktig merkevarebygging.

Ryfylkealliansen skal ta vare på og styrka medlemsmassen med aktivitetar og tiltak som fremjar samarbeid, samhandling og tilhøyrsle. Gjennom å sjå medlemmene og gjera dei meir synlege skal me sikra mobilisering og engasjement framover.   Gjennom å forma aktivitetsmodellar som sikrar eit ressursgrunnlag som er meir enn medlemsavgift og offentlege tilskot, skal alliansen utvikla seg som organisasjon.

Strategien skal gi auka handlingsrom og gjera alliansen meir robust og meir attraktiv som medlemsorganisasjon og samarbeidspartnar.   Ryfylkealliansen vil fokusera på å sikra det som er skapt til nå og fungerer godt. Det er Arena Ryfylke og andre interne tiltak og arenaer som bidreg til å byggja lag og gjera kjent varer og tenester frå Ryfylke for verksemder i Ryfylke. Den gode alliansekjensla som fleire peikar på som viktig og verdifull skal sikrast og styrkast. Ei sentral utviklingsoppgåve er å nå ut over oss sjølve.

Ryfylkealliansen må møta medlemmene sine ønskje om sterkare marknadsføringsføring av tenester, produkt og opplevingar frå Ryfylke utanfor Ryfylke. Målet er vekst, auka etterspurnad og betre felles omdømme. Me må investera i tydelege bodskap, nye kommunikasjonsmodellar og nye aktivitetar for å møta forventningane og nå målet.

VEDTEKTER

Vedtekter for Ryfylkealliansen

1. Ryfylkealliansen er ei foreining som gjennom langsiktig merkevarebygging skal fremje identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke.

2. Kommunar, bedrifter, institusjonar, organisasjonar og andre som sluttar seg til formålet og vedtektene kan bli medlem i Ryfylkealliansen.  Søknad om medlemskap blir behandla av styret. Styret forvaltar eigne retningslinjer for medlemskap og eksklusjonar.

3. Ryfylkealliansen forvaltar Ryfylkelogoen og bruker nettstaden www.ryfylke.no på vilkår som går fram av avtale mellom merkeeigaren Ryfylke IKS og Ryfylkealliansen.

4. Kvar medlem betalar ein årleg medlemskontingent. Medlemskap i Ryfylkealliansen gir rett til bruk av Ryfylkelogoen i samsvar med fastsett profilmanual. Ved manglande innbetaling av avgifter eller bruk av logoen i strid med formålet kan styret seia opp medlemskapen.  

5. Årsmøtet er høgste organet til Ryfylkealliansen. Årsmøtet blir halde innan utgangen av mai kvart år. Innkalling til årsmøtet skal skje tre veker før møtet. På årsmøtet har kvar medlem ei røyst.

Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap for føregåande kalenderår, vedtar medlemskontingent for inneverande år, samt vel styre og valnemnd for komande periode.

 Valnemnda skal ha 3 medlemer. Første gong blir to av desse valde for 2 år, ein for eitt år. Deretter blir medlemer valde for to år om gongen. Årsmøtet vel leiar for valnemnda.

6. Styret har ansvar for iverksetting av handlingsprogrammet, leggja fram budsjett og årsrekneskap, og rapportering til årsmøtet.

 Styret er samansett av 6 medlemmar og 2 varamedlemer som blir valde slik:

Ryfylkerådet oppnemner eit politisk vald styremedlem.

Dei resterande fem og varamedlemene blir valde av årsmøtet.

Leiar blir vald kvart år for eit år om gongen.

Styremedlemmane blir valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. Første gongen blir to valde for eit år og to for to år.

Varamedlemmane blir valde for eitt år om gongen. 1. vara møter fast.

 Ved likt stemmetal, har styreleiar dobbeltstemme.

 

7. Dersom Ryfylkealliansen blir oppløyst vil midlane tilfalla ideelle organisasjonar i Ryfylke. Ved evt oppløysing vil eit simpelt fleirtal i styret avgjera kva for organisasjonar pengane går til.

8. Endring av vedtektene kan gjerast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Kvar medlem/medlemsbedrift har ei stemme.

Om du ønskjer å bruka dei grafiske elementa våre finn du dei ved å opna boksen under. Du finn også ei brukarrettleiing på korleis du bør bruka dei ulike elementa.
GRAfisk profil

Her er den nye profilmanualen for Ryfylkealliansen og logoar for nedlasting:

NEDLASTINGAR:

Last ned profilmanualen her LENKE

Logo Ryfylke for skjerm  LENKE

Logo Mitt Ryfylke for skjerm  LENKE

Logo Ryfylke for trykk  LENKE

Logo Mitt Ryfylke for trykk LENKE

EMNEKNAGGAR/HASHTAGS

Legg ein ut bilete på Instagram eller skriv ein artikkel på Facebook så kan ein merka dei med såkalla emneknaggar. Ein emneknagg startar med teiknet # og så ordet, t.d. #ryfylke. Då vil alle bilete eller artiklar som er merka med same emneknagg kunne synast saman.

 

Ryfylkesongen

Mitt Ryfylkesongen

Ryfylkebussen

Ryfylkebussen

Kontakt

Styreleiar i Ryfylkealliansen er Helge Kjellevold.

helge@lysefjorden365.no

ANDRE KONTAKTPERSONAR

Helge Kjellevold

Styreleiar

Helge Malmberg

Styremedlem

Ivar Johannes Handeland

Styremedlem

Maren Fossaa Viga

Styremedlem

Sissel Marie Bjerga

Styremedlem

Anita Husøy Riskedal

Styremedlem

Terje Bjørndal

Styremedlem 1. vara

Aasta Eik-Nes

Styremedlem 2. vara

Aktuelt frå RyfylkeALLIANSEN

På ekta!

På ekta!

Det er namnet på Ryfylkepuls sin nye Podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg. Kort og godt...

Juryen si grunngjeving

Juryen si grunngjeving

Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge Vinnaren av Pilt-Ola prisen 2022 har i årevis lagt til rette for opplevingar og turgleder for tusenvis av menneske. Med tungt fysisk arbeid, blikk for organisering og teft for å få med samarbeidspartnarar, har han skapt eit...

Pin It on Pinterest