RYFYLKEfondet

RYFYLKE
fondet

Ryfylkefondet er ein puls og ein katalysator i Ryfylke. Fleire gonger i året delar fondsstyret ut midlar, som skal gå til utviklingstiltak for å sikra og auka busetting og trivsel i Ryfylke. Dei største pottane går til infrastruktur og næringsutvikling. Men, festivalar, kulturtiltak og andre ryfylkeretta prosjekt får stønad. Ryfylkefondet er kort og godt ein kraftbank.

Om RyfylkeFONDET
Midlane inn til fondet kjem frå kraftkommunane i Ryfylke og Rogaland Fylkeskommune.

Ryfylkefondet er eit resultat av Ulla-Førre utbygginga på 1970- 80 talet. Då var det to framsynte ordførarar i Suldal og Hjelmeland som meinte at noko av konsesjonskraftmidlane som ville tilfalla Rogaland fylkeskommune burde koma Ryfylkeregionen direkte til gode gjennom eit eige fond. Og slik vart det.  10 % av krafta skulle plasserast i eit eige fond – og styrt av eit eige fondsstyre. Fondet vart etablert i 1986 med fylkeskommunen som eineinnskytar. Seinare er dette endra fleire gonger. Først ved at Suldal, Hjelmeland og Forsand gjekk inn som innskytarar i fondet, og at Lyseområdet også skulle takast med som «nedslagsfelt» for konsesjonskrafta. Frå 1.1.2013 kom også Sauda med som innskytar i fondet, og likeeins konsesjonskraftmidlar referert kraftanlegg i Sauda.

Ryfylkefondet har på sitt beste forvalta ein fondskapital på ca 55 mill. I dei  seinare åra har kapitalen gått kraftig ned som følgje store løyvingar til samferdsel.  Ved inngongen av året disponerer Ryfylkefondet ein kapital på ca 30 mill. Årleg inntekt for fondet  var 3,7 mill. i 2015 mot 6,8 mill. i 2014. Med dagens kraftprisar er det venta at årets inntekter vil væra ca 2 mill.Ryfylkefondet sin hovudfunksjon i medhald av vedtektene og utvida retningsliner for bruk av fondet, er infrastruktur og fellestiltak i Ryfylkeregionen som har til hensikt å styrka busetjing og utvikling av næringslivet. Det er her viktig å gjera merksam på at fondet ikkje er finansiell deltakar i enkeltføretak i næringslivet. Fondet går heller ikkje inn med midlar til det ein kallar kommunane sitt primærføremål.

 

Styret i fondet er fylkesordføraren og  innskytarkommunane sine ordførarar. Styret i Ryfylkefondet er:

Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal kommune og styreleiar

Irene Heng Lauvsnes, ordførar i Strand kommune

Anita Husøy Riskedal, ordførar i Hjelmeland kommune

Asbjørn Birkeland, ordførar i Sauda kommune

Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland Fylkeskommune.

Geir Ims er dagleg leiar i Ryfylkefondet og sekretær for styret.

Administrativ leiar har fullmakt til å gi løyvingar på inntil 30.000. Dette er løyvingar som i hovudsak går som støtte til organisasjonar og enkeltpersonar  innafor kultursværen og til  idelle føremål av ymse slag.

Kontakt

Dagleg leiar i Ryfylkefondet er Geir Ims.
geir.ims@ryfylkefondet.no

VEDTEKTER


STYRET I RYFYLKEFONDET

Gerd Helen Bø

Styreleiar

Irene H. Lauvsnes

Styremedlem

Anita Husøy Riskedal

Styremedlem

Asbjørn Birkeland

Styremedlem

Marianne Chesak

Styremedlem

Aktuelt frå RyfylkEFONDET

Møtebok Ryfylkefondet

Møtebok Ryfylkefondet

Møtebok Ryfylkefondet 25 mai 2018 Les protokoll frå Ryfylkefondmøtet 25 mai 2018. Til stades var Solveig Ege Tengesdal, Asbjørn Birkeland,  Gerd Helen Bø, Bjørn Laugaland og Irene Heng Lauvsnes Forfall: Bjarte S Dagestad Sekretær: Torkel Myklebust Møtebok...

Ryfylkefondet

Ryfylkefondet

Ryfylkefondet sa delvis ja til Forsand kommune sitt ønskje om å setja av 10 millionar kroner frå Ryfylkefondet til tunnel mellom Espedal og Frafjord. Artikkel og bilete er klippa frå Strandbuen 10/6/2016: ‍Tunnelen mellom Espedal og Frafjord har ein prislapp på 730...

Ryfylkefondet – Kva er det ?

Ryfylkefondet – Kva er det ?

Likevel er det ikkje sikkert at alle er like godt kjent med historia, storleiken og funksjonen for fondet i dag. Ryfylkefondet er eit resultat av Ulla-Førre utbygginga på 1970- 80 talet. Då var det to framsynte ordførarar i Suldal og Hjelmeland som meinte at noko av...

Retningslinjer

Retningslinjer

Fondsmidlane skal nyttast til utviklingstiltak for å sikra og auka busettinga i Ryfylkeregionen VEGLEIANDE RETNINGSLINER FOR BRUK AV MIDLAR I RYFYLKEFONDET Retningsliner for bruk av midlar frå Ryfylkefondet har sin basis i gjeldande vedtekter for fondet, og der...

Pin It on Pinterest