Suldal og Sauda på viktig reiselivstur til Kina

jun 19, 2018 | Ryfylkealliansen

Ein delegasjon frå Suldal og Sauda reiste mellom 6. og 11.april til Beijing saman med Solborg folkehøyskole.

Med i delegasjonen var ordførar Gerd Helen Bø frå Suldal, varaordfører Asle Rafdal frå Sauda, næringsutviklingsselskapa Suldal Vekst og Sauda Vekst i tillegg til ei rekke reiselivsbedrifter i Suldal og Sauda. I tillegg deltok folkemusikar Åshild Vetrhus som sang lokale folketonar i ei rekke møter.

Formålet med turen var å få felles erfaring med kinesisk kultur, tradisjon og historie i tillegg til å knyte kontakter med lokale styresmakter, kulturinstitusjonar, matfagleg miljø og reiselivsaktørar. Fokuset i møte med kinesarane var å presentere Suldal og Sauda i eit regionalt perspektiv der reiselivsattraksjonar frå Ryfylke og heile Rogaland blei trekt fram.

Under oppholdet var det avtalt møte med større kinesiske turoperatørar, kunstakademi, matfagleg miljø, den norske ambassaden og CPAFFC (Chinese People`s Assosiaction for Friendship with Foreign Countries). Under opphaldet signerte Suldal kommune v/Gerd Helen Bø intensjonsavtale om samarbeid med Tongren City fra regionen Guizhou, ein region med 43 millionar innbyggere og 60 millionar turistar årleg. Representantane frå Tongren og Guizhou vil kome til Suldal og Sauda i sommar blant anna for å signere intensjonsavtale om samarbeid også med Sauda kommune. – Suldal er ein kommune rik på natur og kultur, så me har mykje å tilby kinesiske gjester. Me ser den kraftige veksten i besøket frå Kina og ser på turen som ein start på eit spanande samarbeid. Me forventar auka utveksling av besøk mellom Suldal og Kina i åra framover, seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø

– Møte med den kinesiske kulturen har gitt oss eit heilt nytt syn på korleis me kan selje inn Sauda og Suldal til den kinesiske marknaden. Det å vise fram vår kultur er nøkkelen til å nå inn til det kinesiske hjartet. Me fekk bekrefta i møte med den norske ambassaden at direkte kontakt på lokalt og regionalt nivå er heilt avgjerande for å lukkast med ei vellukka kinasatsning, seier varaordførar i Sauda, Asle Rafdal.Det blei også avholdt vellukka møte med den kinesiske turoperatøren U-Tour der delegasjonen blei møtt på ein særs imøtekomande måte av toppleiinga.

Delegasjonen var også heldige å få møte leiinga i kulturavdelinga til CPAFFC. Her blei det diskutert utvekslingsmoglegheiter innan mat, kunst og kultur i tillegg til samarbeidet med Tongren og Guizhou. Delegasjonen sit igjen med eit særs godt inntrykk av Beijing, Kina og den kinesiske kulturen generelt. Erfaringane frå turen tyder på at det er gode moglegheiter for felles samarbeid om kunnskapsutvikling med Kina også på lokalt og regionalt nivå.

Foto: Alf Aadnøy

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Denne gongen lurte me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få julestemninga på plass? Eller bare må du...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland

Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland

Styreleiar i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Asbjørn Birkeland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Tau 14.november. Det er ein tydeleg, triveleg og trufast ryfylking som får Merkevareprisen Ryfylke i 2023. Sidan 2015 har Asbjørn Birkeland...

Pin It on Pinterest

Share This