Ungdomen klare til Ryfylkequiz

Det er eit sikkert vårteikn i Ryfylke når 8. klassingane puggar ryfylkekunnskap. For fjerde året på rad er nemleg alle 8. klassingane i heile Ryfylke med på det som må kallast ein ungdomsmeisterskap i kunnskap om Ryfylke. Og i år er konseptet utvida til å gjelda Strand vidaregåande skule.
– Eit av dei viktigaste måla til Ryfylkealliansen er å styrka identiteten blant dei unge. Ja, kva er Ryfylke og kva vil det seia å vera ein ryfylking. Då er klassequiz i 8. klasse eit perfekt verkemiddel, fortel prosjektmedarbeidar Svanhild Eggebø Spanne i Ryfylkealliansen. Alliansen, som tel over 170 medlemsbedrifter, er både eit talerøyr og ein merkevarebyggjar for Ryfylke.
– I februar reiste me rundt til kvar ungdomsskule i Ryfylke og informerte om Ryfylke på ein artig og original måte. Nå har ungdomane fått tilsendt eit pensum om Ryfylke. Så nå er pugginga i gang, seier Svanhild Eggebø Spanne.

I perioden 26. mars til 10. april er det klart for skulefinalar på kvar ungdomsskule i Ryfylke. Der blir det kåra eit vinnarlag, med tre 8. klassingar på kvar.

Fredag 10. mai møtest dei sju vinnarlaga til den store superfinalen, som i år blir halden på Finnøy. Og klassekameratane til vinnarlaga blir med på tur som heiagjeng og supportarar.

Det laget som går heilt til topps i finalen 10. mai, mottar 1500 kroner til kvar deltakar og 3000 kroner til klassekassen. Sølv- og bronselaget mottar også gåvesjekkar. Det er Hjelmeland Sparebank som står for premiane.

Like flotte premiar blir det på det laget som vinn den aller første finalen på vidaregåande nivå. For torsdag 28. mars skal det kårast quizmeister ved Strand vidaregåande skule på Tau. – Me har utvikla eit konsept i lag med elevrådet på Strand vgs. Me trur på høg stemning i kantina i matfriminuttet denne torsdagen, når me skal finna  ut kven som veit mest om Ryfylke av ungdomen mellom 16 og 19 år, seier ei forventningsfull Svanhild Eggebø Spanne.

Her på ryfylke.no er det ei eiga side om Ryfylkequizen. Klikk her, og følg med på kven som går av med sigeren både på dei ulike skulane og på sjølve storfinalen.

Previous


Ryfylkealliansen


Ryfylke Næringshage, Nedre Hauskjeneset 3, 4160 FINNØY


Kontaktpersonar

Tor Øyvind Skeiseid


Prosjektleiar

Telefon: 982 06 333

E-post: tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne


Prosjektmedarbeidar

Telefon: 907 73 796

E-post: svanhild@ryfylkelivsgnist.no


Ryfylke IKS


Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND


Kontaktpersonar

Geir Ims


Dagleg leiar

Telefon: 913 29 657

E-post: geir.ims@ryfylkeiks.no

Ketil Barkved


Regionutviklar

Telefon: 917 66 096

E-post: ketil.barkved@ryfylkeiks.no


Ryfylkefondet


Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND


Kontaktpersonar

Torkel Myklebust


Fondstyrar

Telefon: 414 47 800

E-post: torkel.myklebust@ryvet.no

Pin It on Pinterest

Share This