Då har alle 8. klassingane vore gjennom 2. runde av ryfylkequiz, og det er kåra eit vinnarlag per skule. Og jammen er kunnskapsnivået om Ryfylke høgt! Og sjølv om lærarane også har eit lag på kvar skule (sjølv om dei ikkje er med i konkurransen), så var det ingen av lærarlaga som kom opp mot poengsummen som det beste elevlaget på deira respektive skular. Det viser at elevane verkeleg har satt seg inn i pensumet dei fekk utdelt. Noko som er svært gledeleg sett frå oss i Ryfylkealliansen si side!
No gler me oss til den store FINALEN på Finnøy 10. mai. Då skal dei sju ulike skulelaga kjempa om både pengar og ikkje minst heider og ære. Lukke til med førebuingane! Og velkomne til Finnøy 10. mai kl. 18.00.
- Suldal er klare!
- «De beste» heiter laget frå Sauda. Ingenting å seia på konkurranseinstinktet!
- Det blei hard kamp om topplasseringa på Jørpeland, men «SSS» gjekk til slutt av med sigeren
- «Pompel, Pilt og Per» gler seg til finalen!
- Finnøylaget «Gutta» er klare for å ta imot resten av laga på Finnøy 10. mai.
- Full konsentrasjon om oppgåvene i Sauda!
- Hjelmeland er klare for finale!
- Desse fire kjekke karane frå Tau gler seg til finale på Finnøy 10 .mai.