«All time high»- inntak ved Strand vgs

sep 8, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Ca 640 elevar starta skuleåret på Strand videregående skole denne hausten. Det er «all time high»!

Helge Malmberg er avdelingsleiar på skulen. – Det var litt ut og inn med elevar dei første dagane, men det er stort sett fulle klassar på alle tilbod, og ventelister på fleire. Romkapasiteten på skulen er sprengd, og me leiger lokaler eksternt i tillegg til at nyvinninga VG2 Automasjon for det meste oppheld seg hjå den lokale verksemda Comrod.

På same måte som i samfunnet elles må det gjerast ulike tiltak i forhold til smittevern også på skulane. Matfriminutt til ulike tider, spriting av hender ved alle inngangar og klasserom og forsterka reinhald på kritiske stader er berre nokre av tiltaka som er satt i verk.
– Elevane blir oppfordra til å halda seg mest mogleg anten i klasserommet eller ute i friminutt. I tillegg blir dei bedt om å vera forsiktige på skuleskyssen og i fritida elles. Så håpar og trur me at elevane tar ansvar, og at me på kan unngå eit smitteutbrot, seier Malmberg. – Det blir sjølvsagt noko meirarbeid for både elevar og tilsette, men folk er sporty og trør til for at alle skal ha det best mogleg. Optimismen rår, som alltid, på Strand. Og me jobbar som vanleg hardt for å få fram «Det beste i den enkelte», slik visjonen vår seier.

Sjølv om det har vore mange koronatiltak og ikkje alt er som brukar å vera, så har klassane vore på Bli kjent-tur. VG2 Industriteknologi var på tur til Strandastøa. Då hadde ein av elevane like godt med seg ein svær badeflamingo, og aggregat for å få blåst han opp. Flamingoen blei sjøsatt, og måtte etterkvart hentast med båt…

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This