Arena Ryfylke – tett på

okt 4, 2021 | Framside, Nyhende

Ja, det blir både tett på Ryfylke og tettare på kvarandre. Er du nysgjerrig på kva som rører seg i Ryfylke? Lyst på spennande bedriftsbesøk, gode smakar og ein herleg dag i Hjelmeland? Då er Arena Ryfylke 11. november noko for deg.

Endeleg kan me møtast igjen, utan meters avstand. Det gjer at arrangørane av Arena Ryfylke satsar på godt besøk frå morgon til kveld torsdag 11. november. Leiarskap og verdiskaping er hovudstikkorda når trekløveret Ryfylkealliansen, Næringsforeningen i Stavanger-regionen (og Ryfylke IKS inviterer til ein spennande langdag i Hjelmeland. Inspirerande innlegg, entusiastiske bedriftsbesøk og ein innhaldsrik festmiddag står på programmet. Fagleg påfyll, ryfylkemat og topp stemning. Ja, det er vel verd å melda seg på årets Arena Ryfylke.

Hjelmeland Samfunnshus er basen på føremiddag og kveld. På ettermiddagen er det bussutflukter til både fruktdyrkarar, landbasert oppdrettsselskap og steinknuseri i verdsklassen. Fruktbonde Bodil Kvame i OmCider (bilete), er ein av dei me skal besøkja.

For informasjon og påmelding sjå her.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This