Besøk ryfylke
besøk ryfylke
Me vil gjerne hjelpa deg til å finna fram i vårt mangfaldige og ekte Ryfylke
Ryfylke er stort. Ja, Ryfylke er halve geografien av Rogaland fylke. Frå Forsand i sør til Sauda i nord, og Finnøy i vest, har du eit stort spenn av opplevingar. Det gjeld både den spektakulære og forfriskande naturen, eit triveleg og jordnært folkeslag, særmerkt arkitektur, levande bygder, kortreist mat, industri, jordbruk og sørvis.
Overnatting
Gode senger og godt vertsskap. Flotte omgjevnader og pust i bakken. Besøk både små og store overnattingsplassar i Ryfylke:
Sjå fleire overnattingsplassar i Ryfylke på www.ryfylke.com
Kultur
Ryfylke er alt frå majestetiske Preikestolen til den stillferdige dalen. Kultur og naturopplevingar går hand i hand. I Ryfylke møter du både kulturutøvarar og dei som viser deg vegen til våre attraksjonar.
Sjå fleire attraksjonar i Ryfylke på Museer og kunst i Ryfylke og Aktivitetar for barn i Ryfylke
Mat
Den som har smakt på Ryfylke, kjem gjerne tilbake. Ikkje minst grunna maten. Reine råvarer og produkt av beste sort. Vinnarar av matkonkurransar, dyktige kokkar og matskattar av høg, høg kvalitet. Bli kjent med matnettverket Rymat og våre produsentar, serveringsstader og matentusiastar.
Matproduksjon
Servering / Utsal
Besøk matnettverket Rymat: https://www.rymat.no/
Sjå fleire matleverandørar i Ryfylke: Mat og lokale produsentar i Ryfylke
Sjå fleire matleverandørar i Ryfylke: Mat og lokale produsentar i Ryfylke
Festivalar
Ryfylke er eit festivalrike. Kultur, mat og aktivitetar pregar Ryfylke året rundt. Her er ein oversikt av mange av festivalane og arrangementa i Ryfylke.
Sjå fleire festivalar i Ryfylke på www.ryfylke.com