Beste kjøt i landet

feb 7, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Vaktel frå Strand Gård i Ryfylke er det beste kjøtet i Norge. Ekteparet Harald og Anne Strand på Tau jublar for siger i Det Norske Måltid, og har nå to gull på rad.

Vinnaren av kategorien årets kjøt er … vaktel frå Strand Gård, avslørte Stavangerordførar Kari Nessa Nordtun i den direktesende finalen til Det Norske Måltid fredag 5. februar.
Vaktelkjøtet frå Strand vann over produsentar av lam og storfe, i ein spennande finale.

– Me har avla fram ein større og endå betre vaktel, samtidig som me har jobba godt med design og emballasje. Jo visst er me stolte, smiler Harald Strand når me snakkar med han dagen etter finalen.
Han og kona Anne, har vore i finalen to gonger før med vaktelkjøtet. På tredje forsøk gjekk dei heilt til topps.
– Me er litt vinnarskallar begge to. Me ville prøva igjen, og sende inn til Det Norske Måltid, fortel Harald, som har opplevd det å vinna før.
Under fjorårets finale i Det Norske Måltid gjekk ekteparet til topps i same kategori, då med svinenakke frå mangalitsa-gris frå Strand Gård. Nå har ein altså vunne to gonger med to vidt forskjellige produkt. Det er tydeleg at juryen legg merke til kva Anne og Harald Strand får til på Tau.

Starta med vaktel
– Respekt for råvara, handverk av ypparste kvalitet, mykje smak, nydeleg tekstur, smeltar på tunga og elegant emballasje, var nokre av honnørorda juryen skildra vaktelkjøtet med.
Harald og Anne er takksame for all skryten. Dei har verkeleg lagt sjela si i arbeidet.
– Me starta med produksjon av vaktelegg for 10 år sidan. Etter kvart bygde med slakteri. Nå har me heile verdikjeda frå ruging, klekking, egg og til kjøt. Me har til ei kvar tid mellom 1 500 til 2 000 vaktlar i produksjon, forklarer Harald.
Den vesle fuglen er i overkant av 200 gram når han blir slakta. Produktet ekteparet gjekk til topps med er ein vakuumpakke med to heile vaktlar i.
– Ein perfekt forrett til to eller fire personar, er vaktelbonden sitt tips.
Vel, det er nok Anne som er mest bonde av dei to. Ho bruker mest tid med vaktlane. Harald har full jobb ved sida av garden, og tar seg mest av dei 30-40 grisene dei har.

Vaktel og gris
– Me kalla verksemda Ryfylke Vaktel i fleire år. Så starta med gris i tillegg. Då er det litt vanskeleg å selja grisekjøt under namnet Ryfylke Vaktel. Så nå er det vaktel og mangalitsa-griser frå Strand Gård i Ryfylke, slår Harald Strand fast.
– Men, kor får me som forbrukarar tak i vaktelegg, vaktelkjøt og mangalitsa-gris frå Strand Gård?
– Me leverer til ein del restaurantar i heile landet, i tillegg til spesialbutikkar i Bergen og Oslo, Skjæveland Gardsutsal i Sandnes og Madla Handelslag i Stavanger. Dessutan er REKO-ringen eit kjempebra opplegg. Her sel me mykje. Me merka også meir merksemd og meir sal av svinenakken etter at me vann prisen i fjor, understrekar Harald Strand.
– Og når me andre har blautkokt egg frå høner, så …
– … meiner eg den beste sundagsfrukosten er bacon frå mangalitsa-gris i lag med vaktelegg, ler den mannlege halvdelen bak årets beste kjøt i Norge.

Du kan lesa meir om Det Norske Måltid og sjå heile den flotte sendinga her:
Det Norske Måltid – En årlig kåring av det ypperste innen mat- og drikkeproduktene i Norge (detnorskemaltid.no)

Bli meir kjent med Strand Gård frå Tau i Ryfylke her:  Hjem | strandgard.no

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This