Blekkspruten

mai 19, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Han skal handtera cruisepassasjerar, fisk, folk, vaflar og næringsutvikling. Lysefjorden og Finnøy er han blitt ekstra svak for. Møt nordhordalendingen som har forelska seg i Ryfylke.

– Nei, det er stille no. Sist eg serverte vaflar til turistane var 25. februar. Så kom korona. Då blei det ikkje sundagsmiddagar heller. Men, me kjem over dette også, seier John Ove Tolleshaug, som slettes ikkje hadde tenkt å bli vaffel- og buffésjef ved Lysefjordsenteret.

Lysefjordsenteret på Oanes, samt Finnøy Næringspark og Ryfylke Næringshage på Finnøy er nødvendigvis ikkje tre sider av same sak. Men, for John Ove Tolleshaug er det nettopp det. Han driv føretaket med den snodige tittelen «Octopus Hellvik». Sjølv er han som ein blekksprut, med ein finger eller arm med i det meste. Det er engasjement – det berre blei slik. Me tar det siste først.

Lysefjordsenteret
I tre-fire år var ein klar over situasjonen. Inger Marie og Thor Johannessen hadde drive reiselivsanlegget Lysefjordsenteret på Oanes i mangfaldige år, men var nå på jakt etter nye eigarar. John Ove Tolleshaug var ein av småaksjonærane, og jobba også med å finna kven som skulle overta drifta. Ja, Tolleshaug var sjølv interessert i å selja sine aksjar.
– Så kom det nokre «skøyarar» som ville kjøpa senteret. Men, me klarte ikkje å landa avtale med dei. Då sa eg til meg sjølv, kanskje eg skal kjøpa? Dei andre i styret og aksjonærane tykte det var ein god idé. Så nå er eg hovudeigar og drivar, ler John Ove Tolleshaug høgt.
– Men, korleis får du tid til det?
– Vel, nett nå er det god tid. Så spørst det korleis det blir når me kjem i gong igjen. Me får det til på eit vis. Eg har gode folk med meg. Du veitt, det er ikkje eg som lagar maten. Eg trur nok folk hadde overlevd om eg lagde maten. Men, det er ikkje sikkert dei hadde kome igjen, humrar Tolleshaug.
Lysefjordsenteret ligg i strandkanten ved innløpet til Lysefjorden. Kvart år kjem tusenvis av vaffelturistar, som har sett den magiske Lysefjorden frå båtripa. 100, 200 kanskje oppunder 300 om gongen. Eller sundagsbuffear, som har vore populært i ei årrekkje. Eller bryllaup, møte og kurs.
– Nei, eg veit ikkje heilt kvifor eg har overtatt. Det er noko som driv meg. Eg vil at noko skal skje, slår John Ove Tolleshaug fast.

Byssegut og fiskeliv
Erfaring frå reiselivet?
– Eg var byssegut på ferja mellom Knarvik og Steinestø, kjem det kontant og nok ein gong muntert frå sjefen for Lysefjordsenteret.
Ferja mellom Knarvik og Steinestø var det mest trafikkerte ferjesambandet for bilar i landet, fram til Nordhordlandsbrua opna i 1994 og ferja slutta å gå. Ferja gjekk rett i nabolaget der John Ove Tolleshaug voks opp, i Isdalstø. Men, rekruttperiode i Madlaleiren i Stavanger var starten på eit liv i Rogaland for John Ove. Her blei det arbeid, først i bank og seinare med fisk. Han arbeidde i Neptun Stavanger as, som selde sjømat.
– Det var mange «tunge tak», slår han fast.
– Deretter engasjerte Neptun Stavanger seg i Finnøy Næringspark, i ein slags dugnad for å berga Rygjabø vidaregåande skule. Det er viktig at me har næringsverksemd i ulike bygder. Me kan ikkje berre lena oss til olja, meiner John Ove.
Rygjabø vidaregåande skule på Finnøy hadde to hovudretningar: matfag og fiskerifag. Skulen leigde lokale i det gamle meieriet på Judaberg, av Finnøy Næringspark. Desse lokala ble spesialtilpassa skulen. John Ove Tolleshaug blei etter kvart styreleiar i næringsparken. Det har han vore i 15 år, om lag, trur han.

Tullball
– Judaberg har alltid vore hjartebarnet mitt. Derfor engasjerer eg meg også i styret i Ryfylke Næringshage, påpeikar entusiasten på litt over 60 år.
Ryfylke Næringshage held til nokre steinkast bortanfor Finnøy Næringspark. Næringsparken har ingen Rygjabø skule lenger. Nå er all fiskerifag på Strand vidaregåande skule på Tau. Men, i næringsparken poppar det opp nye verksemder som satsar på rognkjeks, kråkebollar og hummar. Det er Ryfylke Næringshage som formelt styrer opplegget under fana «Rogaland Havbrukspark». Det er all grunn til å bli forvirra.
– Me må få desse greiene til å fungera. Det er sikkert mange som synest eg er ein tullball som engasjerer meg i all slags. Men, me må få ting til å skje. Heile vegen ventar eg at Erna Solberg skal ringja og spør om eg vil bli fiskeriminister. Sjansen er liten, men det kunne jo vore spanande. Men, eg passar nok ikkje inn i den gjengen. Det har nok ho og funne ut, ler John Ove Tolleshaug hjarteleg høgt igjen og spring vidare for å koma seg til Oanes eller Finnøy.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This