Øya Talgje er ikkje så stor, men jammen rommar den både ein flott familiepark og eit bugnande gartneri som får folk til å ta vegen gjennom tunnelen!
Fiolen Familiepark ligg aust på øya med flott utsikt over fjorden. Her kan ein oppleva nærkontakt med både gardsdyr som sauer, griser og kaniner, og litt meir eksotiske dyr som reinsdyr og lama.
Parken opna for sesongen 1. mai, og har hatt stigande antal besøkande etter det, fortel Magne Østebø, som driv familieparken på garden sin.
– No har vi opna opp for bestilling for grupper som bursdagsselskap, barnehagebesøk, skuleklasser og liknande og det har vi fått ein del av allereie. Vi er jo sjølvsagt svært spente på denne sesongen i og med at me mista ein god måned med blant anna påskebesøk. Men vi håpar at vi kanskje kan ta noko av det igjen utover sommaren sidan folk blir oppfordra til å ta ferien i Norge i år.
Magne kan også fortelja at nyklekte kyllingar og nyfødte kaninunger er klar for kos, blomsterbeda er fylt opp med blomster og isen er komt i fryseboksen.
Ikkje langt frå parken er det fullt liv også i Gard gartneri. – Ja, her har det faktisk vore full gang sidan me opna, fortel Jostein Gard. Dette til tross for at det ikkje kjem bussar med kjøpelystne gjester i år.
– Me hadde godt og vel 20 bussar som hadde meldt sin ankomst i mai og juni, men dei er avlyst alle saman. Men folk har istadenfor komt i mindre grupper med bilar, og har handla godt. Det er ingen tvil om at det kjem til å bli mange fine hagar rundt omkring i år, smiler Jostein.
Fekk du lyst å ta ein tur til Talgje? Sjekk www.fiolenfamiliepark.no og www.gardgartneri.no for meir informasjon!