Boklansering: Ryfylke – 50 år med samarbeid

jun 19, 2018 | Ryfylkealliansen

Nå kjem boka som tek føre seg historia om det interkommunale samarbeidet som formelt vart innleia den 22. november 1966 då Ryfylke interkommunale samarbeidsnemnd vart stifta.

Det interkommunale samarbeidet mellom kommunar i Ryfylke har på sitt meste vore blant dei åtte kommunane som i 1966 vart definert som kommunane i Ryfylkeregionen; Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Føremålet med samarbeidet har alltid vore kommunane sitt bidrag i arbeid for eit Ryfylke i vekst og utvikling. Vegbygging, telekommunikasjon, næringsutvikling, marknadsføring og mykje mykje meir er døme på engasjement i dette samarbeidet gjennom desse 50 åra.

Jone Laugaland avsluttar innleiande artikkel i boka slik:

«Ryfylke var ein brukande idé. Men det blei vel aldri meir enn det?»

For å finna ut om denne spørjande påstanden er rett og rimeleg må du lesa boka!

Arkiv

Relaterte innlegg

På ekta!

På ekta!

Det er namnet på Ryfylkepuls sin nye Podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg. Kort og godt...

Høg puls i Ryfylkequizen

Høg puls i Ryfylkequizen

Skulefinalane i Ryfylkequizen inneheldt engasjement, vinnarvilje, oppturar og fortviling. For det er ingen tvil om at konkurransen om å koma til storfinalen i Sauda er tøff. – Elevane har vist fantastisk innsats og imponerande kunnskapar, slår Kristine Olsen i...

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november. Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen...

Pin It on Pinterest

Share This