Brød og sirkus

okt 7, 2022 | Framside, Nyhende

Ja, ja. Sirkus og sirkus. Men, Fiskå er i alle fall bygd opp på vatn, mølle og brød. Kven hadde trudd at Fiskånå skulle skapa milliardindustri? Ja, frå ei lita bygdemølle til kraftfôr og korn til heile landet. Korn og mjøl har også vore ingrediensar og løyndom for eit bakeri i over 90 år. Nå blir det baka på tysk og rumensk vis, med lokal oppskrift. Ei herleg og sjarmerande historie. Og er det ein skule som har sjarm, så må det vera Nordre Strand Oppvekstsenter på Fiskå. Grendaskulen som samlar 73 elevar, med eigen song og stort engasjement. Få med deg Ryfylkepuls frå Fiskå i Strand kommune.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This