Bu og lev i Ryfylke

Bu og lev i Ryfylke

Mange opplever det som trygt, godt og triveleg å bu i Ryfylke.

Velkomen skal du vera til Ryfylke!

I Ryfylke slepp me lange køar og mangel på barnehageplass. Og me har plass til fleire store og små. Ja, kvifor ikkje flytta til Ryfylke. Eller bli ein hytte-ryfylking. Eller kva med å etablera bedrift i Ryfylke? Eller få seg jobb i Ryfylke?

Kommunar i Ryfylke

Ryfylke består av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand, samt deler av Stavanger og Sandnes*.  Suldal er størst i areal, ja den største kommunen i heile Rogaland. Under finn du link til kvar av dei seks kommunane. 
I 2015 blei det laga ein liten film frå kvar av kommunane. Desse finn du link til under kommunevåtena.
NB: Du finn då film frå Finnøy under Stavanger kommune og film frå Forsand under Sandnes kommune.

*Frå 1. januar 2020 slo kommunane Finnøy og Rennesøy seg saman med Stavanger kommune, og Forsand kommune gjekk saman med Sandnes.

Pin It on Pinterest