Hovlandsnuten Opp i Sauda får nok ein gong status som Norgescupløp. Det populære motbakkeløpet som kvart år går opp til 931 meter over havet, er blant dei mest prestisjefylte løpa i sitt slag i Norge. I alt fem løp i Norge får årleg slik status. – Me er svært glade for å få arrangera Norgescupløp i 2019 og håpar å få sjå Noreg sine beste motbakkeløparar i Sauda, seier løpsgeneral Per Inge Fjellheim. Løpet går av stabelen laurdag 8. juni i år, og er eit norgescupløp for tredje året på rad.
https://www.friidrett.no/
Alle foto: Nils Tungland