Den beste maten kjem frå Ryfylke

jan 13, 2020 | Nyhende

Me vågar å vera litt store i kjeften. Men, med tanke på råvarer, produkt, produsentar og kokkar er Ryfylke absolutt i toppsjiktet i Norge. Det var inga unnatak då finalen i Det norske måltid blei arrangert fredag 10. januar. I følgje juryen er den beste sjømaten og kjøtet frå Ryfylke.
Mikal og Astrid Viga vann prisen i kategorien «Årets sjømat foredla». Foto: Bitmap

Astrid og Mikal Viga har i vel 20 år produsert røykelaks frå sitt røykeri på Skiftun i Hjelmeland kommune. Det er blitt mangfaldige prisar og medaljar på ekteparet frå Ryfylke. Nå er neste pris sett på peishylla. Under Det norske måltid vann dei prisen for «Årets sjømat foredla» for produktet «Absolutt tradisjon», som er ein einerrøykt laks frå Mikals Laks, eller King Mikal Salmon som mange seier. To svært glade laksar kunne stolt lytta til juryen si grunngjeving: «Produktet blir presentert i ein eksklusiv emballasje som er noko utypisk for denne typen produkt. Informasjonen om produktet si historie og kor produktet kjem frå, er godt kommunisert. Produktet luktar friskt og har ein kompleks, men balansert smak. Dette er eit skikkelig handverksprodukt laga med kunnskap og kjærleik. Produktet er produsert på tradisjonsrike oppskrifter tilbake til 1870-tallet.»

Nyfiken på meir laks? Sjekk då https://kingmikal.no/

Anne og Harald Strand frå Strand Gard mottok prisen for Årets kjøt. Foto: Det norske måltid
Svina god gris frå Tau

På Tau i Strand kommune gliser eit anna ektepar godt om dagen. Anne og Harald Strand var minst like stolte då dei mottok prisen «Årets kjøt» frå scenen i Stavanger. Anne og Harald satsar både fugl og kjøt. Mange har kanskje smakt vaktelegg eller vaktlar frå Strand Gard. Nå var det gris som blei premiert i den 12. utgåva av det norske måltid. Svinenakken av Mangalitsa-gris, fekk juryen til å bruka desse store orda: «Vinnarproduktet har ein delikat farge, kjøtet har herleg konsistens og god tyggjemotstand. Smaken er fyldig og kjøtet gjev ein saftig og god kjensle i munnen. Vinnarproduktet er utruleg mørt, perfekt marmorert og dommarane synest det smaker nydeleg. Produsenten representerer ei spennande produksjon som er på framgang i Norge og som gjev råvarer med unik kjøtkvalitet.»

Lyst på meir svinnenakke? – sjå då https://www.strandgard.no/

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This