Destinasjonen Sauda hardt råka

mar 18, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– På denne årstida er truleg Sauda den kommunen i Rogaland som merkar besøksnedgangen sterkast, seier ordførar Asbjørn Birkeland. Denne veka tok kommunen ekstra grep for å unngå at gjestar dei vil ha, ikkje skal få koma til bygda lengst nord i Ryfylke.

Koronaviruset herjar i land og utland. Ryfylke er ikkje unnatak. Men, i skrivande stund har kommunane Suldal og Hjelmeland unngått smitte. Kommunane er også kjente som fritidskommunar, med mange hyttegjestar og turistar, sommar som vinter. Dei to kommunane innførte strenge, men nødvendige restriksjonar i helga
Kort tid etter følgde Sauda etter, med minst like strenge tiltak.  Det betyr at alle som har vore utanfor Rogaland, eller i følgande kommunar i Rogaland: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger, (unntatt gamle Rennesøy og Finnøy kommune), Hå, Time, Klepp og Gjesdal må i 14 dagars karantene når dei kjem tilbake til Sauda. Sauda kommune understrekar også: Dersom du pendlar til ein arbeidsstad innafor ein av dei nemnde kommunane, må du halda deg i karantene så lenge du er innanfor Sauda kommune.
– Det vil altså seia at om du jobbar dagleg i til dømes Haugesund, kan du dra på arbeid og koma tilbake til Sauda. Men, når du er heime i Sauda må du halda deg i karantene kvar dag, fortel ordførar Asbjørn Birkeland til NRK Rogaland. Per i dag har tre personar testa positivt på korona i Sauda.

Birkeland skryt av både hyttefolk og fastbuande, med korleis dei har mottatt restriksjonane.
– Mitt inntrykk er at folk følgjer forskriftene våre. Me har fått mange positive tilbakemeldingar på vedtaket, for folk har sakna at me er tydelege på korleis ein skal forhalda seg til situasjonen, legg ordføraren til og har ei naturleg bekymring:
– Sauda er ein kommune som satsar tungt på reiseliv, og denne situasjonen er veldig dramatisk for reiselivet i Sauda. Spesielt hardt går det ut over Sauda Skisenter. Dei har hatt ein krevjande sesong med lite snø og dårleg ver i januar og februar. Nå endeleg kom det både enorme mengder snø og flott ver, og så må skisenteret stengja grunna smittefaren. Det er trist for dei og for næringslivet i Sauda som lever av hytteturisme og besøk både vinter og sommar. Ja, på denne årstida er absolutt Sauda den kommunen i Rogaland som merkar det hardast innafor reiselivet, meiner saudaordførar Asbjørn Birkeland.

Vil du høyra heile intervjuet med Asbjørn Birkeland på NRK Rogaland – gå inn her:

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-rogaland/DKRO02005420/17-03-2020

Spol deg fram til 1.59.30 og høyr der.

Arkiv

Relaterte innlegg

Optimisten trur på opptur

Optimisten trur på opptur

- Akkurat nå sit eg på gjerdet og ventar på at det losnar. Då trur eg det blir ein bra sommar, seier Kai Risa på Rennesøy. Han er klar for aktivitet og bubilar.Kai Risa har styrt Sjøberg Ferie i over halvparten av dei 21 åra verksemda har eksistert. I sjøkanten på...

Kva veit du om Ryfylke?

Kva veit du om Ryfylke?

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke! Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt...

Vel verd å feira eittåring

Vel verd å feira eittåring

Med bakvarer, komler, varme smil og nystrokne t-skjorter feira Ryfylke Bakeri og Konditori eit år i nye lokale på Tau. Og folk blei med på festen.- Det har vore ein kjekk, travel dag. Ja, godt med folk frå morgon til kveld, og meir gjestar og pengar i kassen enn ved...

Pin It on Pinterest

Share This