«Det grenselause Ryfylke»

apr 1, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Velkomen til «grensesamling» 10. mai kl. 10.20-15.00.
Midt i Ryfylke, på Ombo!

Grensene i Ryfylke blir flytta raskare enn somme skifter sokkar. Kva kommune skal hit og dit? Kva bygd skal inn og ut? Kva øy skal den eine eller andre vegen, delt eller ikkje delt?
Første januar 2020 blir det uansett eit nytt kart over Ryfylke. Men, vil Ryfylke endra seg? Og vil ryfylkingen vera den same? Og kva moglegheiter opnar seg for HEILE
Ryfylke med nye grenser?
Nå inviterer Ryfylkealliansen til ei grensesamling som er open for alle, både medlemer og ikkje. Kva er meir naturleg enn at me samlast på Grendahuset på Ombo. Denne øya har levd med kommunegrenser og diskusjonar i alle år. Og kor ofte blir det lagt slike arrangement til nettopp Ombo?
Velkomen til Ombo, midt i Ryfylke – sentralt og lett å koma til.

På slutten av dagen blir det også årsmøte i Ryfylkealliansen. Og gled deg til ei svært spennande nyhende.
Me har fått med oss mange spennande aktørar denne dagen. Nå vonar me du blir med.

Invitasjon til samlinga finn du her. 
Og link til påmelding skjer ved å fylla ut dette skjemaet.

 

Arkiv

Relaterte innlegg

Optimisten trur på opptur

Optimisten trur på opptur

- Akkurat nå sit eg på gjerdet og ventar på at det losnar. Då trur eg det blir ein bra sommar, seier Kai Risa på Rennesøy. Han er klar for aktivitet og bubilar.Kai Risa har styrt Sjøberg Ferie i over halvparten av dei 21 åra verksemda har eksistert. I sjøkanten på...

Kva veit du om Ryfylke?

Kva veit du om Ryfylke?

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke! Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt...

Vel verd å feira eittåring

Vel verd å feira eittåring

Med bakvarer, komler, varme smil og nystrokne t-skjorter feira Ryfylke Bakeri og Konditori eit år i nye lokale på Tau. Og folk blei med på festen.- Det har vore ein kjekk, travel dag. Ja, godt med folk frå morgon til kveld, og meir gjestar og pengar i kassen enn ved...

Pin It on Pinterest

Share This