Direktepuls frå Sauda

mai 23, 2023 | Framside, Nyhende

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil.

Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede, industrihistorie, matgleder og solid glimt i auge. Ein heil time direkte på fleire digitale flater. Entusiasme og engasjement er stikkorda. Og når det er snakk om entusiasme, så kjenner du det i heile festival-Ryfylke. Eller kva med ungdomane ved Strand vidaregåande skule som satsa på dataspel som ungdomsbedrift, og vann pris for beste sosiale entreprenørskap. Smelteverket i Sauda har eit spesielt hundreårsjubileum, ungdomen fortel kva som er så herleg med plassen ein bur på, me får sommarmat og latter, og skikkeleg tvekamp, gåvedryss og ein propell av ein industrigründer frå Tau. Det er så mange grunnar for å få med seg Ryfylkepuls. Og den viktigaste: Kjenn på entusiasmen i Ryfylke. Heng deg på, bli med og engasjer deg gjerne undervegs.

Torsdag 25. mai kl. 18.00 direkte – eller i etterkant når du vil.

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Gratulerer med dagen Ryfylke

Gratulerer med dagen Ryfylke

Ja, visst blei 17. mai ein stor festdag i heile Ryfylke. Me har samla høgdepunkta i ei unik 17. mai-sending frå heile Ryfylke. Med god hjelp frå gode medspelarar frå alle krikar og krokar i våre fantastiske region, har me sydd saman herlege glimt frå denne...

Pin It on Pinterest

Share This