Me elskar Ryfylkequiz. Men endå meir elskar me direktesendt Ryfylkequiz! Takka vera koronarestriksjonar, såg me oss nøydde for å senda quizfinalen 2020 digitalt. Denne direktesendinga av finalen i Ryfylkequizen vart ein enorm opptur! Superfinalen direkte frå Årdal, blei sett via 749 einingar. TV-sending vart eit unntak me rett og slett såg oss nøydde til å fortsetta med.
Første juni 2021 rigga Kameraproduksjon opp med lyd, lys og ein haug med kamera i idrettshallen på Forsand. Ja, skal det vera direktesendt quiz, så skal det gjerast skikkeleg. Og er det nokon som gjer ting skikkeleg, så er det nettopp Kameraproduksjon.
Etter ein vel gjennomført finale av Ryfylkequiz andre juni 2021, er endeleg tala her! Og FOR nokre tal! Sjåarane har sett superfinalen frå Forsand på heile 2720 einingar. Om me har i bakhovudet at heile skuleklassar som ser på ein skjerm, berre blir tald som ei eining – ja då kan me ikkje vere anna en svært stolte over kor mange som har fått med seg den store quizfinalen direkte! Tre og ein halv gonger så mange som i fjor.
Dei fleste som har fått med seg superfinalen er naturleg vis frå Rogaland. Likevel, me har sjåarar over heile landet og til og med i tre verdsdelar! 10 visningar i USA, 9 i Asia. I Europa har me visningar frå både Sverige og Nederland. Dette er kult!
Nå er kamera rigga ned, dei kunnskapsrike elevane puggar nå naturfag og historie att, og pengepremiane, dei er vel så godt som brukt opp allereie. Heldigvis er sendinga frå superfinalen framleis på våre nettsider. Den kan du kosa deg med medan me alle gler oss til nok ein direktesendt superfinale i Ryfylkequiz 2022!