Vinnaren i Ryfylkequiz-finalen i Sauda, blei først klar på over, over, over, overtid. Jubel for somme, bittert for andre.
Det var historisk mange spørsmål som måtte til før dei tre på laget LKT kunne strekkja hendene i veret fredag 25. september. Arenaen var Sauda ungdomsskule, og hendinga var skulefinalen. Tre lag i finalen, og LKT og De Intelligente var umoglege å skilja etter alle finalespørsmåla. Det blei eitt, det blei to, det blei tre, ja det blei fire ekstraspørsmål, før Bjørn Eidsvåg og Gammal Drøm blei avgjerdande. Liva Sørnes, Kristiane Teig og Toralf Garatun Rusten klarte musikkspørsmålet etter at laga hadde følgd kvarandre som skuggar gjennom 29 oppgåver.
LKT er dermed klare for den store quizfinalen, der dei møter vinnarane frå sju andre ungdomsskular i Ryfylke. Quizen er for elevar som i år fyller 14 år, og storfinalen frå Årdal i Hjelmeland blir sendt direkte for alle på www.ryfylke.no