Draumebyggjaren

mai 31, 2021 | Framside, Nyhende

Ryfylke Trelast rundar 75 år denne våren. Gåva gjev dei til folket, med gratis utandørskonsert på Jørpeland i august.

«Vi bygger folks drømmer». Visjonen, slagordet er ikkje til å ta feil av. Ryfylke Trelast stilar høgt, med beina solid festa på bakken. Far Gunnar og son Aleksander Amdal er stolte, men tolege, der dei tar imot på hovudkvarteret i Alsvik i Strand kommune.
– Dei som jobbar her er stolte av yrket sitt. Ja, me merkar det er ein genuin interesse i å gjera ein god jobb, påpeikar Gunnar Amdal, fullt arbeidande styreleiar. Dagleg leiar-oppgåva har han for lengst gjeve til sonen Aleksander Amdal.
– Det låg vel litt i korta at eg skulle overta. Far har styrt Ryfylke Trelast sidan han var 19 år. Eg blei utdanna tømrar, jobba nokre år i Stavanger og kom så heim, fortel Aleksander Amdal, som strengt tatt er fjerde generasjon som er involvert.
– Sjølv om det var bestefar som starta Ryfylke Trelast, var oldefar også med som ein av etablerarane, seier Aleksander.

Barn av freden
Og det var bestefaren, Malvin Amdal, som saman med fem kameratar, starta Ryfylke Trelast på Tau ein marsdag i 1946. Felles for dei alle seks: kollegaer frå motstandsrørsla under krigen.
– Dei seks hadde knytt sterke band, og det var naturleg å halda kontakten og fellesskapet då freden kom. Dermed starta dei trelasthandel. Mykje av materiala kom frå Austlandet til kaien på Tau, med gamle MK Idsal. Kvar planke blei bore om bord og lossa av bord for hand, fortel Gunnar Amdal.

MK Idsal og restar av bygget som Ryfylke Trelast låg ved Tau.

Sjølv overtok han businessen som tenåring i 1984, etter at verksemda var flytta frå kaien på Tau til gamle lokale i Alsvik, fem kilometer lenger nord i Strand. Gunnar Amdal har opplevd at Ryfylke Trelast har vakse seg frå nokre få tilsette og til nærare 60 medarbeidarar, og frå trelasthandel til byggjefirma.
– Det var litt andre tilstandar då eg overtok som dagleg leiar. Nå leverer me alt frå A til Å i byggjebransjen, har eigne tomtefelt og er totalleverandør ved byggjeprosjekt, forklarer Aleksander Amdal.

Stolt medspelar

– Resahagen, kjem det kjapt frå både far og son, når me spør om noko dei er spesielt stolte over.

Resahagen bustadfelt på Jørpeland har Ryfylke Trelast hatt fullstendig ansvar for. Og det er blitt eit populært felt for folk å busetja seg i.
– Me er nøgde over resultatet, ja veldig glade for prosjektet, forsikrar Gunnar.
– Ja, bustadene harmonerer nokon lunde bra, både med fargar på husa og samansettinga, legg Aleksander til.

Nå til sommaren er eit nytt flott prosjekt klart. Ryfylke Trelast har hatt ansvaret for tømmerarbeidet i den nye fleirbrukshallen på Jørpeland. Det er ein idrettshall som ikkje minst idrettslaget Staal Jørpeland vil få glede av. Nettopp idretten ligg familien Amdal og Ryfylke Trelast nær. Ryfylke Trelast er på høgste sponsornivå både i Staal og naboklubben MIL, Midtbygdens IL. Og då dei to klubbane arrangerte Ryfastløpet i 2019, var naturleg nok Ryfylke Trelast med som støttespelar.
– Me vil engasjera oss i lokalsamfunnet. Idretten er i så måte ein av dei viktigaste plassane me kan vera, slår far og son Amdal til, og har ingen ting imot at me i same slengen påpeikar Strand vidaregåande skule sin fotballhall på Tau.
– Ja, me engasjerte oss der også, seier dei.

Idretten er viktig for familien Amdal og Ryfylke Trelast. Nå til sommaren står den splitter nye fleirbrukshallen på Jørpeland klar. Eit slikt byggeprosjekt er det god grunn til å vera stolt over!

Ny kyrkje og gratiskonsert

Med vaksinering i gang, og von om å samla meir folk i lag, ser gjengen i Ryfylke Trelast lyst på framtida. I desse dagar er det eit prosjekt som har himmelsk sus over seg.
– Me er totalentreprenør for den nye kyrkja på Tau. Det er litt av eit prosjekt, smiler Gunnar Amdal.

I fleire tiår har det vore diskutert kor og korleis ei ny kyrkje i tettstaden skal vera. Nå reiser kyrkja seg i Tau sentrum, og skal innviast i september.

Hovudprosjektet om dagen er nye Tau kyrkje. Eit stort prosjekt som skal vera klar i september.

Men, før den tid blir det 75-årsfest for Ryfylke Trelast.
– Laurdag 14. august skal me feira på Jørpeland. Og me inviterer så mange me har lov til med på fest. Då blir det konsert med ingen ringare enn Dagny på området til Skallstøperiet, fortel Aleksander Amdal.
– Gratis konsert?
– Ja, me fyller ikkje 75 år kvart år. Så me slår på stortromma med konsert for heile familien. Nå er det berre å håpa smittetala går nedover og opninga av samfunnet går framover. Me vil jo at flest mogleg skal få gleda av bursdagsfeiringa i lag med oss.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This