Draumen om turen frå fjord til fjell

mar 31, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

I desse dagar er det saudabuen som kan nyta turområda på veg til Hovlandsnuten. Men, når koronaviruset er på retur og Norge, Ryfylke og Sauda opnar seg opp att, ligg ein turskatt av dei sjeldne og ventar på deg i Sauda.

Saudafolket er eit turfolk. Eit friluftsfolk, som også elskar å få besøk av andre i skog og mark. Du har kanskje høyrt om Hovlandsnuten Opp, eit av dei mest populære motbakkeløpa i Norge? Midt i juni kvart år spring og ruslar toppidrettsutøvarar og hobbymosjonistar frå Risvoll skule i Saudasjøen og opp til Hovlandsnuten 931 meter over havet.
– Men Hovlandsnuten er så mykje meir. Ja området på veg opp er i ferd med å bli eit turparadis for store og små året rundt, seier Per Inge Fjellheim,
Fjellheim er ein av initiativtakarane til «Hovlandsnuten Opp». Men, han er også i bresjen for dugnadsarbeidet med å skoga, rydda, gjerda og sprenga for å leggja til rette for korte og lengre turar.
– Traseen frå fjord til fjell er blitt fantastisk fin og blir berre betre og betre, konkluderer Fjellheim, som har fått med seg ein herleg dugnadsgjeng i Laget for Hovlandsnutens utvikling.
Han har sett til at nedre del av traseen er tipp topp, medan Åge Fjellheim Midthun har vore primus motor for øvre del. Det inneber både betre sti, sherpatrapper og hytte på toppen av nuten.

Eventyrskog og Trollplass
For du må ikkje til topps av Hovlandsnuten for å ha ei spesiell turoppleving. Lenge før bratte stigningar, kjem du til Eventyrskogen, midt mellom Fosstveit og Brekkestølsbråtet. Motorsagkunstnaren Oliver Vogt frå Jørpeland har skore ut dyr og fantasitroll, som er plasserte i naturen.
– Alle dyra er så kraftige at du kan klatra i dei. Den såkalla gruffaloen er 400 kilo, seier Per Inge Fjellheim og understrekar at Eventyrskogen skal vera ein aktivitetsskog for ungar i alle aldrar …
Like ved Eventyrskogen er det sett opp ein gapahuk, som er blitt eit populært turstopp for barnefamiliar og andre turglade. Når du følgjer vegen vidare til Skeivane i Nordstøldalen, kjem du til «Trollplassen». Her har dugnadsfolket, hytteleverandøren Trollstuen og grunneigar Lars Reidar Fosstveit bygd ein rasteplass med gapahuk, benker med tak og badedam.
– Og her har me ei bru med dei tre Bukkane Bruse og trollet. Så du kan seia det er eventyrstemning her også, smiler Per Inge Fjellheim.

Felles mål heilt til topps
Saudabuen er kjent for dugnad, hardt arbeid og tunge løft. I tillegg har Laget for Hovlandsnutens utvikling fått solid drahjelp frå dei med såkalla større pengesekkar. Både Ryfylkefondet, Smelteverket Eramet Norway Sauda, Saudefaldene og Sparebank 1 SR-stiftinga har bidratt solid. Og ikkje minst Sparebankestiftinga i Sauda og «Hjartebankmidlar» frå Sparebanken Vest. At mange får hjartebank i området er det ingen tvil om.
– Dei som deltar i Hovlandsnuten Opp i juni kjenner pulsen slå heftig når dei spring løypa. Det spørs vel kor mykje dei får tid til å sjå på trolla då. Men, året rundt kan me kjenna både pulsen og kor glade me blir i hjartet av å få vera i eit slikt flott turområde, påpeikar Per Inge Fjellheim.
Nå vonar han det ikkje tar for lang tid før han kan invitera utanbygds folk på tur mellom Saudasjøen og Hovlandsnuten. I desse koronatider er det for tida saudabuen som får gleda av turperlene.
– Men, tenk kor kjekt det er å gleda seg til og drøyma om turen til Hovlandsnuten. Det er verd å venta på, og me ser verkeleg fram til at alle kan få nyta og nytta turområda våre, seier Fjellheim og legg til:
– Og når du først er på tur, så vil eg oppmoda alle til å koma seg opp til hytta me har bygd på toppen. Utsikten frå Hovlandsnuten 931 meter over havet er magisk.

Lurar du på kor du skal gå. Gå då inn her: https://ut.no/tur/1110018/hovlandsnuten/kart#13.67/59.65116/6.2871

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This