-Eg elskar saudabuen

jan 27, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Kulturhusleiar Astrid Espeland sparar ikkje på orda når ho skal fortelja om oppsluttinga av kulturtilbodet i Folkets Hus i Sauda. – Det første året har vore eit eventyr. Tenk at eg skal få lov å leika i denne leikegrinda, er Astrid si klare oppsummering.

Ei regnfull septemberveke i 2018 opna nye Folkets Hus i Sauda. Etter fleire år i ingenmannsland, fekk det segnomsuste bygget frå 1931 ein ny vår. Arbeidarrørsla sin bastion fekk i 2018 ei ny meining som «Folkets Hus». For Sauda sitt nyrenoverte og utbygde kulturhus er blitt storstova og samlingspunktet i industribygda. 16 månader etter opninga er kulturhusleiar Astrid Espeland eit einaste stort glis:
– Tenk at saudabuen er så kulturelle. Me hadde eit mål om å gje noko til alle aldersgrupper og typar folk. Og me har greidd det og blitt sentrum i sentrum av Sauda.

Alltid noko som skjer i storesalen i Folkets Hus. Astrid utvekslar info med gjengen som set opp jubileumsførestilling for Åbøbyen til våren.

Fulle hus og stor variasjon

Førestillingar og konsertar blir ofte utselt. Kjente og kjære namn som Odd Nordstoga, Bjørn Eidsvåg, Vamp og ikkje minst lokale artistar samlar fulle hus.
– Saudabuen bestiller også tidleg. Så fleire av førestillingane i vår blei bort imot fullteikna ved juletider. Det er så kjekt, smiler kulturhusleiar Espeland og legg til:.
– Det er artig at me kan ha den store variasjonen, i frå dans med Vestlandsfanden til julekonsert med barnekoret frå Salem bedehus.

Nå har publikum eit breitt spekter å velja mellom, og ein merkar også at ein har type arrangement som ein ikkje hadde før. Storsalen har plass til 324 sitjeplassar, medan 130 får plass i nyesalen i første etasje. Dessutan er det eit flott lokale i foajeen ved Kraft kafe.
– Under Saudadagane i mai skal me ha «operapub» i foajeen, med Jan Gunnar Sørbø på piano og Eir Inderhaug på vokal. Det blir noko folk ikkje har opplevd før, og blir ei spennande oppleving, seier Astrid Espeland.

Attraktiv

Det var kinoen som var konsert-, revy og underhaldningslokalet til kommunen i mange år. Nå er alt snudd på hovudet, med tanke på merksemd. Det merkar kulturhussjefen.
– Mange artistar ringjer og vil koma til Sauda. Før var det eg som ringte rundt og spurte om folk ville opptre hjå oss. Det er så mange som ringjer nå at eg ikkje kan seia ja til alle. Det er tydeleg at «ryktet» om den flotte scenen vår spreier seg rundt i vårt vesle land, humrar Astrid, og må brått springa for å finna ein nøkkel til nokon som er i storesalen.

Astrid Espeland er høgt og lågt, bookar, legg til rette, sel billettar og ryddar bord. Kulturhusleiarar i Ryfylke er av den allsidige sorten.
– Eg er til stades på nesten alle arrangementa, kveldar og helgar. Det er ein fantastisk jobb. Den dagen eg sluttar, kjem folk til å stå i kø for å få overta stillinga mi, smilar Astrid Espeland, som ikkje let folk få den sjansen med det første.

Alltid noko på plakaten. Her frå Kraft Kafé i foajeen.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This