– Eit ellevilt eventyr

feb 26, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Orda er store og engasjementet gedigent. Suldal Bad leverer og set seg nye store mål, trass eit år med smitterestriksjonar.

– Suldal Bad er prikken over i-en av det du kan oppleva i Suldal. Derfor skal me scora høgt på vertsskap, understrekar Bonolo Ramphomane-Aandahl. Ho er sjef for Suldal Bad og framleis eit stort smil, 15 månader etter opninga av badeanlegget på Sand i Suldal kommune.
– Fjoråret var sjukt bra. Me sette mål om 20 000 badegjestar, og enda på 48 500 personar. Og då måtte me halda stengt i tre månader om våren grunna koronarestriksjonar, seier badegeneralen.
Når ho tel badegjestar så langt i år er ho i rute til å nå målet om å passera 50 000 totalt i 2021.

Restriksjonar går fint
– Men, det er strenge restriksjonar for tida. Stress?
– Nei. Me må leva med denne utfordringa. Og me er tilpassingsdyktige. I symjeverda er det for øvrig strengt frå før. Nå må me tenkja på maks personar til ei kvar tid. Derfor kan folk bestilla plass gratis på nettsidene våre. Betaling skjer først når dei kjem, fortel Bonolo Ramphomane-Aandahl.
– Men, då kan det jo vera at folk ikkje kjem, sidan dei ikkje behøver å betala?
– Me driv i servicebransjen, er motsvaret frå badesjefen, som meiner Suldal Bad har god kontroll på  smittevernreglane. Det er tilgjengeleg 60 nye billettar per time. Med overlappingar kan det då vera maksimalt 140 gjestar i badeanlegget om gangen.
– Nå har me også sett maks to timar i bassenget per person. Men, dersom me ser at det ikkje er fullt, tilbyr me gjestane å vera her lenger.
Ikkje rart ho løftar to punkt høgare enn høgst:
– Gjesteopplevinga skal vera optimal. Og me skal driva på ein 100 prosent smittevernfagleg måte.

– Me må tenkja utviding. Hugs at me skal vera det føretrekte badeanlegget i Rogaland,
seier Suldal Bad-sjef Bonolo Ramphomane-Aandahl.

Posisjonerer seg
Det går i eitt blant kollegiet ved Suldal Bad. Badegjestar morgon, dag og kveld. Dersom ei bedrift ønskjer å avrunda ei fagleg samling med bading, held bassenget ope. Symjeklubbar kjem utanfrå og har treningssamlingar. Bonolo Ramphomane-Aandahl og hennar symjeflokk tilpassar behovet. Dei driv eit offentleg badeanlegg som ei anna offensiv bedrift.
– Me må tenkja meirsal. Alt går når du tenkjer alternativt og forsvarleg, slår ho fast og gler seg til vinterferien.
– Me forventar godt besøk. Og det er ikkje sånn at eg vonar på dåleg vêr, slik at folk derfor strøymer til oss. Store og små skal koma fordi dei vil, ja fordi me har noko å tilby. Derfor må me også tenkja utviding.
– Utviding? De har drive i knapt eit år?
– Eg har planta eit frø blant dei som bestemmer, ler Bonolo Ramphomane-Aandahl og held fram:
– Me har ikkje råd til å ha kø her. For me må halda oss relevante. Då må me tenkja neste steg alt nå.
– Som betyr?
– Me er PÅ ballen. Det er planar om andre badeanlegg i Rogaland. Då må me posisjonera oss nå. Ikkje gløym at Suldal Bad skal vera det føretrekte badeanlegget i fylket, påpeikar Bonolo Ramphomane-Aandahl med eit stort, entusiastisk smil.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This