Det måtte tre ekstraspørsmål til for å skilja tetlaga i den store Ryfylkequizfinalen fredag 10. mai på Finnøy. I ein intens finale med skyhøgt nivå frå deltakarane, gjekk til slutt Hjelmeland Ungdomsskule til topps ein liten hårsbreidd føre Jørpeland ungdomsskole.
Det dirra spenning i lufta gjennom heile quizfinalen. Små, små marginar skilde laga, som briljerte med kunnskap om Ryfylke. Elevane i 8. klasse, som kom frå ungdomsskulane rundt i Ryfylke, hadde kontroll på geografi, historie, samferdsel og politikk. Ikkje berre blei det kniving heilt i toppen. Ja, det måtte også ekstraomgangar til før Finnøy Sentralskule så vidt kapra tredjeplassen føre Tau Ungdomsskule. Men, altså vinnarane blei «Dream Team» frå Hjelmeland, med Camilla Sæbø Iversen, Kaja Kvalvåg Hetlelid og Kristoffer Helgøy på laget. Ein stolt ordførar Bjørn Laugaland frå Hjelmeland var også til stades, og kunne registrera at hjelmelandsungdomane kopierte det fjorårets 8. klassingar gjorde, nemleg å vinna Ryfylkequizen.
Ryfylkekunnskap
Det er Ryfylkealliansen som gjennomfører Ryfylkequizen for 8. klasse kvart år. Målet er at elevane skal vita meir om regionen dei bur i. Ja, det er bygging av identitet og stoltheit. I vår har ungdomane lært om Ryfylke og tevla på kvar skule om kven som veit mest om Ryfylke. Dette var fjerde året på rad med Ryfylkequiz, og i år var finalen lagt til Finnøy. Nærare 120 ungdomar var samla i Finnøy Fleirbrukshall, med høg stemning, spennande oppgåver og etter kvart ein felles konkurranse og happening til slutt. Ungdomane sette tydeleg pris på å møtast på tvers av kommune- og skulegrenser i Ryfylke. Og dei vaksne i salen var mektig imponert over nivået blant elevane. Det er tydeleg at pensum er slukt og kunnskapen har festa seg.
Solide premiar
For fjerde året på rad var det quiz, og for fjerde gong var Hjelmeland Sparebank solid medspelar. Banken stiller med premiar til alle laga, og med høge pengepremiar til vinnarlaga. Ja, førsteplassen gjev 1500 kroner til kvar av deltakarane og 3000 kroner til klassekassen. «SSS» frå Jørpeland, som blei nummer to, fekk 1000 kroner kvar til deltakarane Stine Lerang, Sofie Fatland og Samuel Norland. Finnøylaget «Gutta» stakk av med 500 kroner kvar, som både Tore Flesjå, Maia Horve og Anna Sandanger Iversen smilte nøgd av!
Vel blåst ungdom! De kan masse om Ryfylke. Og så vonar me de er stolte av kor de kjem frå! Nemleg Ryfylke!