Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

nov 14, 2023 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen

Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen 2023.  

Fylkesordførar Ole Ueland delte ut prisen under Arena Ryfylke på Tau tysdag ettermiddag. Det var ein stolt prisvinnar som tok imot Pilt-Ola statuetten. 
 

Erik Danielsen står støtt bak utsegna «Me må prøva!». Etter to år som tilsett ved Strand vidaregåande skule, der han som avdelingsleiar stod i spissen for bygging av Ryfylkehallen, overtok han stillinga som rektor ved skulen. Han har leia skulen med ei tydeleg og trygg hand. Med Danielsen som rektor, har Strand vgs tatt over havbruks- og fiskeriutdanninga i Rogaland, og har hatt ei enorm utvikling på tal elevar ved skulen. Det var 340 elevar i 2007, og nå startar utbygginga for å kunna ta i mot 800 elevar og tre-fire år.  

Erik vågar å tenkja nytt og stort. Samtidig er han opptatt av verdisynet til skulen: «Å sjå det beste i den enkelte», det gjeld både tilsette og elevar.  
– Erik Danielsen er ein populær og omgjengeleg rollemodell, som byr på seg sjølv, vågar å stikka seg fram, tar rommet, men ikkje minst gjev rom og plass til dei som er rundt han, seier Eirik Moe som er leiar for juryen for Pilt-Ola prisen.  

Bygginga av havbrukssenteret og Ryfylkehallen har vore eit godt samarbeid mellom både det offentlege og næringslivet, men det er ingen hemmelegheit at Erik har vore ein tydeleg og engasjert leiar ved begge prosjekta.  

– Erik Danielsen vil ha fortgang og resultat, og gjev klar beskjed kva han meiner og kva han trur vil verka. Derfor har han lukkast som leiar og medmenneske, og er til inspirasjon for mange i og utanfor Ryfylke.

   

Erik Danielsen har fått til mykje i sitt virke. Men, det er ikkje alt det har vore like lett å bli betre på…

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland

Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland

Styreleiar i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Asbjørn Birkeland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Tau 14.november. Det er ein tydeleg, triveleg og trufast ryfylking som får Merkevareprisen Ryfylke i 2023. Sidan 2015 har Asbjørn Birkeland...

Pin It on Pinterest

Share This