Fruktdyrkarane i Ryfylke smilar. Den flotte våren og sommaren har gjeve ein god frukthaust. Nå går det unna i det nye fruktpakkeriet til Ryfylkefrukt SA i Årdal. NRK Rogaland melder at det blir sortert og pakka meir enn dobbelt så mykje frukt i pakkeriet i år i forhold til i fjor.
– Me snakkar om 400 tonn eple, pærer og plommer, fortel dagleg leiar i Ryfylkefrukt, Svein Hia. I følgje Ryfylkefrukt var tilsvarande tal 171 tonn i jomfruåret 2017.
Ryfylkefrukt innvia pakkeriet i Årdal i Hjelmeland i august i fjor. 20 fruktdyrkarar gjekk saman og danna eit samvirkeføretak og investerte 16 millionar kroner i eit pakkeri. Målet den gongen var at ein i 2022 skulle sortera 800 tonn frukt i løpet av året. Nå er ein alt halvvegs til målet. – Eg trur me må utvida bygget, smiler ein tilfreds Svein Hia.