Femdobla inntektene første nyttårsdag

jan 31, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Leif Arild Veland (48) frå Tau tok over Esso-stasjonen på Jørpeland 1. september. Ryfast har sørgja for ein draumestart på året for bensinstasjonen ved hovudvegen.

TEKST OG FOTO: ELIN MOEN KARLSEN elin@strandbuen.no
Denne artikkelen stod først på trykk i Strandbuen.

– Eit lite augeblikk, seier Veland, medan han går plystrande for å hjelpa ein kunde.
– Me har hatt ein pangstart på året. Me merka det allereie første nyttårsdag. Då var eg på jobb sjølv. Dei neste vekene tok besøket heilt av, og sundagane har vore veldig gode, peikar han på.
– Ryfast er ei velsigning for meg, slår han fast, og fortel om 20 prosent auke av kundar så langt i januar og at det forbetrar omsetjinga mykje.
Pensjonistane Anne Karin og Ingvar Vigdel frå Sola hadde ei avtale på sjukehuset i Stavanger denne onsdagen og enda opp på Jørpeland etter denne avtalen.
– Det var så fint vêr. Systera mi skryt så veldig av tunnelen. Ho har kjørt den to gonger allereie, så då fann me ut at me også ville kjøra gjennom den, fortel Anne Karin Vigdel.
Mannen hennar betaler for isane dei har kjøpt på bensinstasjonen.

Syster med tunnelskrekk likte Ryfast
– Systera mi har tunnelskrekk, og unngår alle tunnelar ho kan, men Ryfast syntest ho var heilt fantastisk, peikar ho på.
Leif Arild Veland har pendla til Stavanger i over 15 år. Han dreiv blant anna Narvesen-kiosken på Fiskepiren. Dei siste åra har han vore butikksjef i ein daglegvarebutikk på den andre sida av fjorden.
– Det var som å komma heim då eg overtok her og fekk komma i direkte kontakt med kundane over disken igjen. Det er også veldig godt at jobben nå bare er 10 minutt unna der eg bur, slår han fast.
Han trur folk frå Nord-Jæren framleis vil ta sundagsturen over fjorden etter at prisane blir skrudde på i tunnelen.
– Det vil nok ikkje fortsetja med same styrke, men dei som har oppdaga turområda me har her inne, vil nok framleis ta turen om dei må betala, seier Veland.

Har sprunge som ein tulling
Lindis Eide Rostrup, som er altmulegkvinne på Verkshotellet på Jørpeland, fortel at sundagane etter Ryfast-opninga har vore travle. – Restauranten har vore stappfull, det har vore kø i resepsjonen og me spring som tullingar, fortel ho leande.
Før Ryfast opna var det ikkje mange gjester som fann vegen til Verkshotellet på toppen av Vågabakken for å ta seg ein sundagsmiddag.
– Det var så dårleg oppmøte at me begynte å snakka om korleis me skulle marknadsføra oss på ein betre måte for å få fleire gjester. Nå følast det som om halve Stavanger og Jæren tar turen til Verkshotellet for å eta sundagsmiddag, slår ho fast.
Lindis Eide Rostrup begynte å jobba på Verkshotellet i mai i fjor. Her fungerer ho både som stovejente, resepsjonist, servitør og avløyser kokken på kjøkkenet.
– Den første sundagen etter Ryfast-opninga var det bare eg og kokken på jobb. Så har me etter kvart vore to servitørar, men me hadde nok trengt ein servitør til i tillegg til ein i oppvasken, fortel ho.

Trur folk framleis tar turen når det kostar
Rostrup trur besøket vil dabba av når det ikkje lenger er gratis å kjøra gjennom den undersjøiske tunnelen.
– Eg trur likevel at når folk nå har blitt kjent med tilbodet som finst her, så vil ein del av dei framleis ta sundagsturen hit sjølv om det kostar å kjøra gjennom tunnelen. Dette blir veldig bra for omsetjinga vår, slår ho fast.
Nå har det blitt klart at opninga av Hundvågtunnelen er utsett fram til slutten av mars, og dermed blir det gratis å kjøra i Ryfast i ein endå lenger periode.
Lilland Bryggerihotell på Tau merkar ikkje så mykje til Ryfast-effekten, då deira middagstilbod ikkje er ope i vinterhalvåret, men i sesongen frå mai til september.
– Me merkar ei auka interesse for bryggeriet og ølsmakinga, men det blir litt annleis for oss som bare tar imot gjester som bestiller nå. Men det er inga tvil om at Ryfast gjev nye mulegheiter for vår bransje på heile Strandalandet. Det er veldig kjekt, synest Per Kristian Djuvsland, som er dagleg leiar på bryggerihotellet.

Fleire besøkande også i Bygdå
Rita Iren Helgeland, som driv Bygdekroa i Bjørheimsbygd, har også hatt fleire besøkande etter at Ryfast opna.
– Eg har opent på torsdagar og sundagar, og eg merka allereie den første torsdagen etter tunnelopninga at besøket auka. Folka kjem frå Klepp, Hillevåg og er generelt busette godt spreidd over Nord-Jæren, fortel Helgeland.
Kafeen er nå open bare to dagar i veka fordi ho lagar overtidsmat fast for Stangeland Maskin, og dermed ikkje har kapasitet til å ha ope oftare.
– Dei tre siste sundagane har eg vel hatt ei auke i besøket på 30-40 prosent. Det har vore fullt både inne og ute. Eg er også så heldig at eg har mange faste gjester frå Årdal, Hjelmeland og Tau på sundagane, seier Helgeland.
– Det blir spennande å sjå kva som skjer når det begynner å kosta noko å kjøra gjennom tunnelen. Nå har dei fått smakt på maten og tatt turen over, held ho fram.

Rekordbesøk i Rosehagen
På sundag hadde Rosehagen kafé på Jørpeland rekordbesøk med 500 gjester.
– Me har jobba lenge med tanken om store besøk når Ryfast opna, men at det skulle bli så mykje som dette ante me ikkje. Me har tru på mykje besøk også når folk skal betala for å kjøra gjennom tunnelen, seier Sonja Marie Hargaut, som driv kafeen i Vågabakken.
– Folk oppdagar nye turområde. Dette skapar trygge og fleire arbeidsplassar. Me har tilsett ny kokk som nå har flytta til Jørpeland, legg ho til.
Dagleg leiar for Tau Pizzakafé, Beji Johanna, fortel at dei også har hatt ei markant auke i besøket i januar.
Preikestolen Fjellstue har vore stengt på grunn av vedlikehald, så dermed har ikkje restauranten her merka noko av Ryfast-trafikken.
– Me har hatt ope i Hiker’s kafé og har spesielt i helgene merka at det kjem mange besøkande. Me har hatt arrangement med gratis pinnebrød og pølser til alle som kjem på besøk i helgene, og der har me også merka at det kjem mange, seier dagleg leiar på fjellstova, Lilliana Gundersen.

Arkiv

Relaterte innlegg

Snodig Ryfylke-påske, som kan bli fin

Snodig Ryfylke-påske, som kan bli fin

Me skulle så gjerne sagt til alle: «Velkomen til ein magisk påske i Ryfylke 2020». Men, me veit at 2020-påska blir annleis, for oss alle. Me er bedne om å halda oss der me bur, i eller utanfor Ryfylke. Me som bur i Ryfylke vonar me får ei fin påskehøgtid på avstand...

Draumen om turen frå fjord til fjell

Draumen om turen frå fjord til fjell

I desse dagar er det saudabuen som kan nyta turområda på veg til Hovlandsnuten. Men, når koronaviruset er på retur og Norge, Ryfylke og Sauda opnar seg opp att, ligg ein turskatt av dei sjeldne og ventar på deg i Sauda. Saudafolket er eit turfolk. Eit friluftsfolk,...

Vårgnist i Bergekrossen

Vårgnist i Bergekrossen

- Det er viktig å dra fram alt som er positivt for tida. Og her hjå oss er det ein veldig god tone, seier Leif Bakka i Møgedal Mek. Verkstad. Han ser at våren gjer ryfylkingen godt, og handlar deretter. Permitteringar, stengte forretningar og kundesvikt. Du høyrer og...

Pin It on Pinterest

Share This