Fest i 20 den 20. i 2020

jun 5, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Nå er det klart for feiring på Rennesøy. Og for Sjøberg Ferie på Østhusvik er talet 20.
– Me opnar igjen med sommarkafé laurdag 20. juni. Det passar godt når me fyller 20 år i år, og det i 2020, smiler dagleg leiar Kai Risa.

Opninga er etterlengta. Som mange andre serveringsbedrifter har koronarestriksjonane slått hardt ned også i idyllen på Rennesøy.
– Det er klart me har merka situasjonen godt. Me har likevel produsert litt mat som Coop-butikken i Østhusvik har selt vidare. Og så har me hatt ein del catering og faktisk ein del overnatting. Men, i forhold til det som var bestilt, er det sjølvsagt lite. Me snakkar om 67 prosent nedgang frå i fjor, fortel Kai Risa.

Sjøberg Ferie satsar på fleire segment. Overnatting i trivelege leilegheiter og hotellrom er blitt populært, og nærare strandkanten kjem du knapt. I tillegg er store og små selskap, konferansar og kurs blitt solide bein å stå på for Risa og co. Og sist, men ikkje minst, er satsinga på lokal mat vore viktig. Sjølv om våren er blitt unnataksvåren, ser Kai Risa absolutt lys i ein stadig kortare tunnel.
– Det er utan tvil meir som rører seg i marknaden nå. Og eg trur mange vil nytta høvet til å bestilla overnatting og mat framover. Me kan ikkje ha dei store selskapa endå, men me kan servera mange innanfor reglane som nå gjeld. Derfor går me i gang med sommarkafeen frå 20. juni. Då blir det ope her kvar dag fram til skulestart i august igjen, seier Kai Risa.

Sjølv har han styrt Sjøbergskuta i 10 av dei 20 åra verksemda har eksistert. Og den 20. juni 2020 er det altså sommarkaféopning. Kanskje ein ekstra liten fest kl. 20.20 i det året ein fyller 20?
– Me ønskjer alle velkomne, enten det er overnattingsgjestar, lokalbefolkning, båt- og bubilturistar. Me ligg lett tilgjengeleg både frå sjøen og vegen, avrundar Kai Risa.

Arkiv

Relaterte innlegg

Optimisten trur på opptur

Optimisten trur på opptur

- Akkurat nå sit eg på gjerdet og ventar på at det losnar. Då trur eg det blir ein bra sommar, seier Kai Risa på Rennesøy. Han er klar for aktivitet og bubilar.Kai Risa har styrt Sjøberg Ferie i over halvparten av dei 21 åra verksemda har eksistert. I sjøkanten på...

Kva veit du om Ryfylke?

Kva veit du om Ryfylke?

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke! Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt...

Vel verd å feira eittåring

Vel verd å feira eittåring

Med bakvarer, komler, varme smil og nystrokne t-skjorter feira Ryfylke Bakeri og Konditori eit år i nye lokale på Tau. Og folk blei med på festen.- Det har vore ein kjekk, travel dag. Ja, godt med folk frå morgon til kveld, og meir gjestar og pengar i kassen enn ved...

Pin It on Pinterest

Share This