Kaldrøykt pinnekjøt av Fjellam frå Ryfylke foredla av Albert Idsøe i Stavanger, vann finalen i Det Norske Måltid i kategorien Årets kjøt foredla.
Er det noko Ryfylke er kjent for, så er det nettopp lam som har beita i Ryfylkefjella. Knapt 30 sauebønder i Ryfylke har danna samvirkeføretaket Fjellam frå Ryfylke. Stolte ryfylkingar leverer pinnekjøt til slaktar Albert Idsøe i Stavanger, som igjen foredlar kaldrøykt kjøt på beste vis. Ja, det beste foredla kjøtet i Norge i 2021, så du kjenner den gode smaken frå heia.
I grunngjevinga frå juryen heiter det: Produktet viser handverk av ypparste klasse. Her er det nøye utvalde råvarer som set standarden for eit premium produkt. Vinnarproduktet er lett og tilbereda og smaken er godt balansert. Kjøtet er delikat og saftig, og har fine tonar av røyk. Kjøtfylden er god og likeså er smaken på feittet. Dette er eit svært godt pinnekjøt, og dommarane diggar dei lange pinnane.
Det Norske Måltid (DNM) har blitt arrangert årleg sidan 2008. Her blir dei beste mat- og drikkeprodusentane frå heile landet kåra. Finalen i år blei gjennomført digitalt, og den kan du sjå her.
Fjellam frå Ryfylke er blant medlemmer i Ryfylkealliansen. Me gratulerer med sigeren!
Les meir om Fjellam frå Ryfylke her: Fjellam frå Ryfylke