Fleire får fåresmaken av fjellet

mar 2, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

God kjøtkvalitet, sunt, reint og høgare snittvekt. Folk vil ha fjellam frå Ryfylke. Igjen og igjen. Sauebøndene i «Fjellam frå Ryfylke» skundar seg sakte til nye høgder.

– Er du eit stabeist?
Spørsmålet får kvila stille i lufta. Lise Vistnes tenkjer og lurar på kva ho skal landa på. Er «stabeist» positivt lada? Dagleg leiar, i ein beskjeden stillingsprosent, i Fjellam frå Ryfylke. Bur i Årdal. Er lærar, lokalpolitikar og sauebonde.
– Ja, eg er nok det, kjem det til slutt frå Lise Vistnes.
Og du må vera sta når du har eit stort, bankande hjarte for lam frå Ryfylkeheiane. I tillegg skal du overtyda slakteri og kundar om at det er noko særeige med dei lamma som 28 sauebønder frå heile Ryfylke, rår over.
– Lam frå fjellet er ekstra sunt og reint. Me får ei høgare snittvekt per lam. Kjøtkvaliteten er framifrå. Då blir prisen også høgare, men det vil kunden ha, meiner Lise Vistnes.

REKOring og Bondens marknad
Tredje sesong med «den gode smaken frå heia», som det heiter, er passert. Leveransen har auka forsiktig år for år. Alt av pinnekjøt og fenalår blei utselt i fjor.
– Eller, det var åtte pakkar igjen, smiler sauegeneralen frå Årdal.
Så langt finn du ikkje «Fjellam frå Ryfylke» som eige merke i butikkane. Stand på Bondens marknad i Stavanger var nyttig. Men, den store suksessen er via ein såkall REKOring. Det er eit matnettverk der fleire lokalmatprodusentar annonserer med varer på ei felles gruppe på Facebook. Til avtalt tid og stad kjem produsentane, og kundane får sitt der og då. Ved Ikea på Forus og Amandasenteret i Haugesund, har vore møteplassane der lam frå Ryfylke har nådd flest kundar.
– Det krevst god organisering. Men, me har klart det. Kundane veit kva dei vil ha, ser at prisen er høgare enn på liknande produkt, men ser verdien av leveransen rett frå produsenten. Og me får direkte tilbakemeldingar frå kundane at dei er opptatt av kvalitet, seier Lise Vistnes.

Til butikk og restaurant
Nå er målet å få med eit slakteri til å dela opp kjøtet, pakka og emballera med Fjellam frå Ryfylke sin logo. For fersk, oppkutta lammekjøt av beste kvalitet, ja det vil kunden ha. Då trur Lise Vistnes at eit tydeleg merka «Fjellam frå Ryfylke» vil slå an.
– Det er ikkje lett å selja fersk lam i september. For då er alle lamma ferdige på likt. Fleire butikkjedar dumpar prisar på den tida. Men, våre produkt er ikkje lågprisvarer, påpeikar Lise Vistnes og drøymer om framtida:
– I første omgang må me prøva oss meir inn mot butikk, hotell og restaurant, samstundes som me sel vidare gjennom dagens salskanalar. Det er viktig å få etablera ei merkevare. Målet vidare for dei neste fem åra er å tena pengar, nok pengar i forhold til produktet sin kvalitet og innsatsen me legg ned.
– Er det verd strevet?
Nok ein gong får eit spørsmål liggja litt i lufta, før svaret kjem frå Lise Vistnes.
– Det veit eg ikkje endå. Jo. Sjølvsagt. Viss eg ikkje hadde hatt tru på dette, hadde eg ikkje jobba for å få løfta fjellamma fram. Eg er så vanvittig stolt av desse produkta våre!

Arkiv

Relaterte innlegg

Juvelen Nordmarka

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. - Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

SMIL i Ryfylke

SMIL i Ryfylke

Ja, dei kallar det så, Staal og MIL. Då blir det SMIL. Fokuset er bulyst og næringsliv i Ryfylke. Gjer deg klar for spennande haustdagar på Jørpeland. - Nå går dei to store idrettslaga på Jørpeland og Tau saman om å arrangera ein skikkeleg stor fest, kommenterer...

Pulserande perlå Sand

Pulserande perlå Sand

Kos deg med magasin to av Ryfylkepuls. Og i denne septembersendinga tar me pulsen på Sand i Suldal. Her kjenner ein framleis lukta av OL-gull. Korleis? Vel, sand på Sand er ein suksess. Det er også kopling mellom næring, skule og det offentlege. Laksen har hoppa godt...

Pin It on Pinterest

Share This