Kunnskapsnivået er framleis stort, når me held fram skulefinalane rundt om i Ryfylke. Sist veke blei ny finalistar klare for den store Ryfylkequiz-finalen 2. juni. Nå er laga frå både den største og den minste ungdomsskulen i Ryfylke klare. Med Jørpeland ungdomsskule var over 90 ungdomar samla i gymsalen til tett og jamn quizing. Skulen har fire klassar, der den eine klassen viste ekstra stort kunnskapsnivå. For alle dei tre laga som gjekk vidare frå innleiande runde var frå A-klassen. Både Sjokoladebollane, Stig er best og MSJ, låg hakket føre dei andre laga etter runde ein. Ja, laga var nesten ikkje til å skilja, då Sjokoladebollane gjekk inn i runde to med eit ekstra poeng. Men, i denne runden var til slutt MSJ best, då dei klinka til med nesten full pott. Dermed er det klart at Sanna Fiskå, Maren Bratli og Jacob Weerstra er Ryfylkebyen Jørpeland sitt store håp i TV-finalen 2. juni.
På Tau finn du privatskulen Tryggheim Strand. Der var det også jamne resultat mellom åttande klassingane. Men, dei som skal representera Tryggheim kallar seg rett og slett for Team Tryggheim, og er eit reint gutelag. Elias Fretz Eggebø, Hadle Bjørkhaug og Thomas Gard skal nå pugga Ryfylkestoff vidare framover og ser fram til finalen. Det er første gong at Tryggheim Strand er med i Ryfylkequiz, ein quiz som i år tel ni finalelag. Nå ventar me på resultata frå KF Skolen på Jørpeland og Finnøy Sentralskule, før me kan presentera alle ni laga.
Den store quizfinalen mellom alle skulane skjer på Forsand 2.juni. Dette blir litt av eit opplegg du ikkje vil gå glipp av! I år som i fjor, kan du følgje med på superfinalen live på våre nettsider!
Kva skal ein gjere mens ein ventar på 2.juni? Jo – test dine eigne ryfylkekunnskapar på våre nettsider og bli med i trekninga av flotte premiar!