Folkets Hus i Sauda er blitt kulturhus

sep 21, 2018 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Så er det klart. Folkets Hus i Sauda er igjen blitt folket sitt hus, ja for alt folk. Torsdag 20. september blei det som nå er blitt Sauda kommune sitt nye kulturhus opna med fest heile dagen. Sju år gamle Vilmer Teig føretok den offisielle snorklippinga i ein fullsett storesal.

Folkets Hus i Sauda var arbeidarrørsla sin bastion frå huset stod klart i 1931. Sauda kommune overtok etter kvart bygget. Men, det har vore diskusjonar i årevis om kva ein skal bruka bygget til, parallelt med at folk har ønskt seg eit kulturhus. I staden for at Folkets Hus rotna på rot, blei det vedtatt at Folkets Hus skulle renoverast og få eit nytt og moderne tilbygg. Saman er det nye og det nyrenoverte bygget blitt Sauda sitt kulturhus. Nå med to salar, kafe, turistkontor, øvingsrom for band, ungdomslokale og kontor for kulturavdelinga i kommunen. Prosjektet har hausta lovord frå fjerne og nær. Og den store festen for folk flest er fire like førestillingar kvar kveld i opningsveka. Då viser saudakulturen seg fram, i hop med kjente utflytta artistar som Grethe Svensen, Kjartan Fløgstad og Reidar Brendeland, samt dansekompaniet Frikar. At Folkets Hus i Sauda er blitt eit heilt spesielt kulturhus i Ryfylke, er det ingen som helst tvil om.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This