Skulefinalane for 8.klassingane i Ryfylke er i gong! Førre veke vart skulefinalane i Ryfylkequizen haldne på Sand, Forsand og Hjelmeland. Elevane ved dei tre skulane viste ein enorm innsats, god lagånd og ikkje minst imponerande kunnskapsnivå. Dette gjer at me allereie ser fram til den store superfinalen mellom alle skulane på Forsand 2.juni! Oppdateringar frå kvar skulefinale kjem etter kvart som finalane blir gjennomførte. Under finn du ei lita skildring frå skulefinalane på Sand, Forsand og Hjelmeland. Me gratulerer vinnarlaga, og ønskjer dei lukke til med pugginga til superfinalen!
Dirrande spenning på Sand
Det var kamp til aller siste runde, då skulefinalen i Suldal blei halden tysdag 13. april. Til slutt stakk «Tobias og co» av med ein knipen siger, føre «Bondeknølane» og «90 % leksikon». Og det var kunnskapane innan samferdsel som blei vinnaroppskrifta for Tobias og co. Tobias Lunde, Aksel Vassbø, Øystein Tveit og Johanne Klungtveit Næsja var også eit hestehovud føre i den innleiande runden, der alle elevane ved Sand ungdomsskule deltok. Nå har vinnarlaget to utfordringar: 1) Dei må pugga som galne inn mot storfinalen 2. juni. 2) Fire skal bli til tre. For når den store superfinalen blir halden, må alle laga vera tre per lag. Kven av dei skarpe tenåringane må vera reserve? Uansett: lagmoralen er upåklageleg i Tobias og co, så dei løyser nok også den oppgåva.
Wikipedia slo til på Forsand
Forsands stolthet og Wikipedia følgde kvarandre til døra, men til slutt gjekk sistnemnde av med sigeren med fattige halvtanna poeng. Skulefinalen på Forsand 15. april blei akkurat så jamn og spennande som venta. Godt førebudde lag kjempa om finalebillett. Sjølv om Forsands stolthet hadde ein solid sluttspurt, heldt Wikipedia unna til slutt. Nå kan Balder Andrè Kommedal, Vilde Espedal Søyland og Stian Haukelid førebu seg til storfinale på heimebane. For 2. juni er det klart for direktesendt superfinale frå nettopp Forsand.
MAS sto igjen som vinnarar i ein spanande finale på Ryfylkequizen på Hjelmeland.
Det var ingen tvil om at ungdommane frå Hjelmeland hadde førbudd seg godt. I første runde var det tre lag som skilte seg ut, «Nora og gutta», «Let`s go» og «MAS» viste alle ein særdeles god kjennskap til Ryfylke. Det var stor stemning under heile gjennomføringa, og då me hadde siste kategori i finalen kunne det gått fleire vegar. «Let`s go» låg bare eit halvt poeng bak, men det heldt akkurat ikkje. Sondre Vadla, Ane Mosnes Mæland og Maren Laugaland hadde hatt ei lita leiing gjennom heile konkurransen, og drog det heile i land med eit imponerande resultat, med nesten full pott. Me gratulerer «MAS», som gler seg til finale på Forsand 2. juni.
Den store quizfinalen mellom alle skulane skjer på Forsand 2.juni. Dette blir litt av eit opplegg du ikkje vil gå glipp av! I år som i fjor, kan du følgje med på superfinalen live på våre nettsider!
Kva skal ein gjere mens ein ventar på 2.juni? Jo – test dine eigne ryfylkekunnskapar på våre nettsider og bli med i trekninga av flotte premiar!