Frukt og laks til folket

aug 20, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Kva er det med denne røykelaksen og eplemosten frå Hjelmeland, som år etter år blir løfta fram og vinn masse kåringar? Nok ein sommar gav nye heidersteikn til det ypparste av det ypparste av råvarer frå Ryfylke.

Dei gliser godt, både Astrid Fossaa Viga og Elisabeth Grønvik. To hardtarbeidande kvinner, som saman med sine respektive menn, tryllar fram den eine godsaka etter den andre. På kvar sin avkrok i Hjelmeland i Ryfylke, blir eple pressa og laks røykt.
– Nei, kor mange medaljar er det blitt nå, smiler Astrid, og veit svaret.
– Seks gull, seks sølv og fire bronse, er oppteljinga, som om det var Marit Bjørgen si medaljesamling frå OL me snakka om.
Etter fem nye medaljar under årets Norgesmeisterskap i røykelaks og aure, er det ingen over og ingen ved sida i Norge. Familiebedrifta Mikals Laks, som røyker laks på Skiftun, blir så visst lagt merke til.
– Klart me er utruleg stolte, understrekar Astrid Fossaa Viga. Ei lita fjordkryssing vestover er smilet minst like breitt, på Grønvik.
– Me er kjempestolte. Det å få slike utmerkingar er ei stadfesting for oss om at me gjer noko rett, seier Elisabeth Grønvik.

Eplemosten alle vil ha
Elisabeth Grønvik produserer eplemost heime på fruktgarden på Grønvik, ved innløpet til Årdalsfjorden. Saman med mannen Arvid pressa ho 85 tonn eple i fjor. Dei har utvida frukthagen monaleg og vil i løpet av nokre få år gå frå å få levert 80 prosent av epla frå andre fruktdyrkarar, til å vera sjølvforsynt med 80 prosent. Under Gladmatfestivalen i Stavanger måtte Elisabeth handhelsa på statsminister Erna Solberg på scenen, som delte ut ikkje mindre enn to utmerkingar til Grønvik Gard.
– Stiftinga Matmerk delar ut eit kvalitetsstempel til norsk lokalmat- og drikke i særklasse. Nå fekk me merket for to av våre eplemostsortar, fortel Elisabeth.
Dette Spesialitet-merket viser forbrukaren at produktet er laga av dei beste råvarene, har eigne oppskrifter og har kvalitet så det held. Grønvik Gard har nå fire slike utmerkingar. I tillegg har Elisabeth gått til topps i Det Norske Måltid to gonger for beste eplemost i Norge, samt vunne Merkevareprisen Ryfylke i 2018. Den får verksemder i Ryfylkealliansen som på ein særs god måte profilerer Ryfylke gjennom sitt virke. Kva er løyndomen bak både prisar og etterspurnad?
– Eg trur den største skilnaden på oss og mange andre produsentar, er at me er fruktdyrkarar sjølve. Eg produserer sjølv og har god kontakt med dyrkarane eg kjøper eple av. Det betyr at eg kan pressa eple når dei er på sitt beste og har 100 prosent smakskvalitet. Som fruktdyrkar veit ein gjerne når dette er og har kunnskap og utstyr til å måla verdiane i epla, forklarar Elisabeth.

Smak i alle ledd
Det er smak og kvalitet både hjå eplemostprodusenten, som har halde på i åtte år, og Mikals Laks, som blei etablert i år 2000. Og det er han og ho, herr og fru Viga som driv King Mikal Salmon, også kalla Mikals Laks. Mikal er mannen, arveleg lasta frå familien me fisk og laks. Astrid er kona, som held kontrollen, på både mann og bedrift. Han buldrar og sel, ho er tolegare og har kontroll. Ein perfekt kombinasjon.
– Det er tradisjonsoppskrifter, samstundes som me testar ut nye eller andre oppskrifter undervegs. Då er det jo ekstra kjekt å vinna både gull og sølv i same kategori for to ulike typar kaldrøykt laks, fortel Astrid Fossaa Viga.
For viss det var nokon som tapetserte sigerspallen under NM i Trondheim i juli, så var det Mikals Laks. I kategorien «Kaldrøykt laks» blei det gull til «Absolutt Tradisjon» og sølv til «Den ville laksen frå Mong». Begge produsert av Mikals Laks på Hjelmeland.
– Gode produkt med bra tekstur og smak, og med balansert saltsmak, kommenterte juryen, og fekk følgje av ein folkejury som gav produkta åtte eller ni av ni moglege poeng.

Når Mikals Laks då kunne spe på med bronsemedaljar i både varmrøykt laks, kaldrøykt aure og open klasse, då er det liksom inga tvil kor ein er best på å røyka raud fisk.

Festivalfolk
I tillegg til dagleg sal til butikkar og restaurantar, er både Elisabeth og Astrid vane med festivallivet. Under Gladmatfestivalen i Stavanger i juli var begge synleg til stades på stand med ryfylkeprodukt. Og når september hentar oss inn er det heimebane som gjeld. Norsk Frukt- og Laksefest i Hjelmeland er ein av dei mest populære mat- og kulturfestivalane i Rogaland.
– Me er sjølvsagt synleg til stades då. Eit av dei store høgdepunkta for oss kvart år, seier Elisabeth Grønvik og får følgje av Astrid Fossaa Viga.
– Heilt klart. Frukt- og laks er ein stad me skal og vil vera kvart einaste år. Det er trass alt frå Hjelmeland me er!

Så då veit du også kor det er smart å vera 7. september!

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This