Frukta blomstrar i Ryfylke

mai 15, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Du kan ikkje ha for tynnslitne nervar om du skal vera fruktbonde, slår Svein Hia i Ryfylkefrukt fast. Nå gler han seg over akkurat passe kald vår og sein fruktblomstring.

Fjorårsavlingane var ikkje mykje å ropa hurra over. I pakkeriet i Årdal var det alt for lite frukt i forhold til det gode 2019.
– Det var alt for kaldt i blomstringa. Alt for lite eple og nesten ikkje plommer i det heile, forklarer Svein Hia.
Dette året ser betre ut.
– Det er mykje blomsterknopp. Og så har det vore passe kaldt. Blir det varmt for tidleg, får du for rask blomstring, fortel den dagelege leiaren ved fruktpakkeriet, og får støtte frå fruktbonde Anne Norunn Helgøy.
– Me er eigentleg glade for litt sein blomstring. Nå slepp me vonleg ein frostperiode når frukta blomstrar, for då kan fort avlinga bli øydelagt, understrekar ho.

Nå blomstrar frukttrea både på Helgøy og elles i Ryfylke. Ei herleg tid, med fantastisk lukt og flotte fargar. (Foto: Gøril Gilje Helgøy)

Ei herleg tid
– Morelltrea sprett i desse dagar, og den fantastiske lukta legg seg over øya vår. Pæretrea og epletrea står heilt på spreng. Nokre dagar med god vårvarme til nå, så vil det eksplodera med blomar, smiler Anne Norunn på Helgøy.
Helgøy i Årdalsfjorden tel 40 fastbuande og endelause rekkjer med frukttre. Den vesle øya, som snart blir landfast, er kjent for frukt i både fast og flytande form. Eplemosten til naboane Gøril og Geirmund Helgøy er også ettertrakta.
– Me merkar det er aukande interesse i Ryfylke for å driva med frukt, og ikkje minst eplemost og siderproduksjon, fortel Svein Hia.
Anne Norunn Helgøy og mannen Kristen driv Helgøybakkane Fruktgard. Ekteparet er blant dei vel 30 fruktdyrkarane i Ryfylke, som for fem år sidan etablerte Ryfylkefrukt SA. Saman fekk dei bygd eit pakkeri i Årdal, og hanka inn læraren Svein Hia som dagleg leiar.
– Eg visste ingen ting om fruktdyrking frå før. Det har vore ei bratt læringskurve og eg har framleis mykje og læra, erkjenner han.

Svein Hia i pakkeriet til Ryfylkefrukt i Årdal. Nå ser han fram til tonnevis av skikkeleg ryfylkefrukt til hausten. (Foto: privat)


Aktivitet og utviding
Anne Norunn Helgøy har gjort meir enn «berre» å vera fruktgartnar. I fjor var forsamlingslokalet og butikken Epleriet klar. Med ein fantastisk utsikt ut mot Ryfylkeøyane, ligg Epleriet som eit lite Soria Moria-slott. Her skal det vera selskap, grupper og andre besøk.
– Grunna koronaen har me ikkje hatt særleg med aktivitet dei siste månadene, så nå verkar det i kroppen etter å koma i gang. Fleire av gruppene som skulle koma til blomstringsturar, måtte avlysa. Men, me vonar å få gjennomført nokre lokale turar, noko me gler oss til, seier Anne Norunn Helgøy, som også trur på ein solid frukthaust.
– Går alt etter planen blir det levert vel 600 tonn med eple og pærer til pakkeriet dette året. Men, me har planar om meir. Då må me ha meir plass til lagring. Derfor planlegg me å byggja ut pakkeriet til neste års sesong, orienterer Svein Hia.
– Men, korleis er den typiske fruktbonden i Ryfylke?
– Dei har beina godt planta på jorda, som dei fleste andre her i Ryfylke. Du må også vera optimist for å driva med frukt. Ei haglskur, så er alt øydelagt. Nei, ikkje eit yrke for folk med tynnslitne nervar, slår Svein Hia fast, og både trur og vonar at fruktsesongen 2021 blir skikkeleg saftig og god.

Fleire og fleire satsar på eplemost i Ryfylke. Anne Norunn Helgøy kan mellom anna tilby eplemosten til naboane Gøril og Geirmund Helgøy på Helgøy.

Arkiv

Relaterte innlegg

Juvelen Nordmarka

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. - Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

SMIL i Ryfylke

SMIL i Ryfylke

Ja, dei kallar det så, Staal og MIL. Då blir det SMIL. Fokuset er bulyst og næringsliv i Ryfylke. Gjer deg klar for spennande haustdagar på Jørpeland. - Nå går dei to store idrettslaga på Jørpeland og Tau saman om å arrangera ein skikkeleg stor fest, kommenterer...

Pulserande perlå Sand

Pulserande perlå Sand

Kos deg med magasin to av Ryfylkepuls. Og i denne septembersendinga tar me pulsen på Sand i Suldal. Her kjenner ein framleis lukta av OL-gull. Korleis? Vel, sand på Sand er ein suksess. Det er også kopling mellom næring, skule og det offentlege. Laksen har hoppa godt...

Pin It on Pinterest

Share This