Full rulle, avstand og service

mar 20, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Eg har så mykje sår i hendene etter å ha brukt all såpa og antibacen i det siste siste, smiler kjøpmann Rune Stangeland på Forsand, og spring vidare for å yta ekstra service i tøffe koronatider.

Mange leiter med lys og lykte etter oppturar i desse dagar. Heldigvis har det norske samfunnet verkeleg fått augo opp for dei som nå gjer alt for at du og eg skal klara oss. Helsearbeidarar og butikkmedarbeidarar blir særleg trekt fram.
– Me hadde fem nye kundar i går som me køyrde ut varer til. Butikken vår klarar seg. Nå er det viktigaste at dei som treng mat- og daglegvarer får det dei treng, påpeikar Rune Stangeland, som driv Joker Lysefjorden på Forsand, ved innløpet til den majestetiske Lysefjorden.
Her går det i eitt bankande køyr, men heile vegen i kontrollerte former.
– Me var tidleg ute med tiltak som antibac og eingongshanskar til kundane. Me informerte om tiltaka på butikken via andletsboka, og nådde 12 800 menneske på den måten. Det er ti gonger så mange som bur på Forsand, konstaterer Rune Stangeland.
Han har også stengt det trivelege kafèrommet og tatt vekk brødskjerarmaskinen.
– Me gjer alt for å redusera smittefaren, slår kjøpmann Stangeland fast.

– Gnege ikkje oppi kvarandre
Det er nokon som absolutt ikkje må bli sjuke i desse tider, ikkje minst helsearbeidarar og medarbeidarar på matvarebutikkane. Rune Stangeland og hans kollegaer skal unngå at heile arbeidsstokken må i karantene, om ein blir sjuk.
– Assisterande butikksjef og eg overlappar kvarandre. Eg startar gjerne halv seks om morgonen og går til klokka 12. Når ho kjem, finn eg noko anna arbeid som ikkje er inne i butikken. På den måten delar me opp dagane, fortel Rune Stangeland og legg til:
– Me gnege ikkje akkurat oppi kvarandre.
Det er ein uverkeleg situasjon, også i butikken. Alle tiltak er iverksett. Levering av mat til kantiner, barnehagar og skular er stoppa opp. På den andre sida blir det køyrt ut varer til fleire personkundar enn før. Færre kundar er innom. Men, dei som kjem, handlar på den andre sida meir.
I tillegg til butikken styrer Rune Stangeland også Lysefjorden Marina, med feriebustader i nabobygget. Der er det alt avbestilt 12 veker denne våren og sommaren.
– Dessutan har me i butikken fått kansellert nesten alle bestillingar på selskapsmat den næraste månaden. Jo visst, koronasmitta merkast på alle måtar, seier Rune Stangeland, som ikkje har mista humøret:
– Me reingjer oss heile vegen. Nå kan det bli vanskeleg å få tak i nok antibac framover. Men, eg har raudsprit og kan blanda nokre godsaker i den, så vil nok det gjera susen, ler kjøpmann Rune Stangeland ved Joker Lysefjorden på Forsand.
Det er lov å spøka, også i desse tider. Ja, livsnødvendig å halda motet oppe. Det gjer dei på Forsand.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This