Fullklaff for Pilt-Ola

jun 8, 2022 | Framside, Lite toppbilde, Ryfylkealliansen

Storarta skodespel, ståande applaus og strålande sol summerte Lysefjordspelet om Pilt-Ola i pinsehelga. Publikum fekk både turglede, kulturoppleving, verdspremiere og historieformidling i ein og same snippsekk. 

– Nå er me berre glade og letta over at det har gått så godt, slår Ingeborg Løyning Søyland fast. Ho har vore leiar i arbeidsgruppa som har fått spelet om Pilt-Ola opp og å gå.
– Og utruleg stolte, kommenterer Eva Landre Meling, som har jobba i same arbeidsgruppe.

Dei veit det har kosta tid, vurderingar, søknadsskriving og logistikkutfordringar. Men, når 800 personar reiser nøgde tilbake frå Bakken i Lysefjorden, ja då er det lov å vera både stolt, glad og letta.

Rødnebåten Rygerdronningen på veg inn Lysefjorden, fullasta med forventingsfulle passasjerar.

Eit spel om han som satsa

Mange har høyrt gjetorda om Pilt-Ola. Somme har visst litt meir enn andre. Men, at ein husmannsson og kremmar frå 1800-talet skulle slå slik an, vågde ein mest ikkje håpa på. Ole Olsen Sangesand (1779-1858) voks opp på Bakken gard i Lysefjorden. Me burde kalla det MotBakken. For dei som tok Rygerdronningen inn til Bakken kai, eller for dei som gjekk frå ein annan kai i Lysefjorden, ja så var det motbakke å gå opp til Bakken. Men, verd det.
– Gjennom denne tida er me blitt som ein familie, med amatørar og profesjonelle i lag, fortel Ole Alexander Mæland, som gliser med ein Pilt-Ola figur på øvste biletet.

Han hadde hovudrolla som Pilt-Ola, og visste fint lite om fyren før han sette seg inn i kven han var.
– I starten kjente eg ikkje meg sjølv igjen i Pilt-Ola. Han våga meir enn eg gjer. Men, så ser eg det doble med han, han både vil og ikkje vil i ulike situasjonar. Og der er også eg, erkjenner skodespelar Mæland, som for mange er meir kjent som vokalist i Stavangerkameratene.
– Pilt-Ola spelet har utan tvil vore mitt høgdepunkt så langt i år, seier han.

Pilt-Ola (Ole Alexander Mæland) får nok ein plan, og ven og sakførar Børge (Andreas Cappelen) reknar ut om det svarar seg.

Folkevandring til Bakken

På mange måtar var spelet om Pilt-Ola i ånda til hovudpersonen. Det var vandring, folkevandring. Ole Olsen Sangesand er kjent for å ha gått, gått og gått, i Ryfylke, rundt Lysefjorden, i Rogaland, i heile landet, opp og ned til Finnmark eit par gonger, og så ein Russlandsekspedisjon det gjekk gjetord om.

Namnet Pilt-Ola kjem frå ei ulukke som barn, der han blei hengande i eit tau etter foten. Foten blei skada, og seinare drog Ole på foten, eller pilta om du vil.

Her på Bakken Gard i Lysefjorden voks Ole Olsen Sangesand opp.

Med både friske og skrantne føter gjekk folk opp til Bakken gard, og Pilt-Ola sin heimstad. Tett på 400 personar både pinseaftan og pinsedag. Eit ensemble på vel 30, både vaksne og barn, proffe og amatørar, med vesle Forsand Teaterlag i spissen og vel regissert og sterkt manusifisert av Torfinn Nag.
– Me berre måtte få spelet med oss. Eg tenkte koplinga tur og historie, det må jo vera bra, seier Rigmor Jønsson, som hadde med seg sønene Johan og Eyvind, og hennar betre halvdel Roy Edvin Byrkja. Kvartetten frå Hundvåg i Stavanger storkoste seg på utandørs teater.
– Det var gøy. Eg var imponert og synest det var tøft, slår niåringen Eyvind Jønsson Lamy fast.
– Eg er samd. Spesielt rettsforhandlingane var artige, meiner storebror Johan på 15 år.

Familiekos på Bakken. Lunsj og Pilt-Ola spel – fv Roy Edvin Byrkja, Rigmor Jønsson, Eyvind Jønsson Lamy og Johan Jønsson Lamy.

Nytt spel neste år?
– Det er planen, seier regissør Torfinn Nag. Det er det som ligg i avtalen.
– Ja, sei det. Nå er me jo litt slitne, etter alt arbeidet. Men, me håpar på spel igjen, men det er ikkje sikkert det blir på Bakken, forklarer Ingeborg Løyning Søyland.
– Bakken er jo det eksotiske, heilt spesielle. Men, me har lagt ein plan for to år til. Og me kallar spelet for Lysefjordspelet. Dermed kan det vera me set opp spelet om Pilt-Ola til dømes i Lysebotn, Flørli eller på Forsand for den del. For denne opplevinga gjev jo meirsmak, meiner Eva Landre Meling.

Publikum på veg inn til utescene.

Pilt-Ola har på mange måtar fått si gjenoppliving. Eige spel og også Ryfylke sin gjeve pris, Pilt-Ola pris dei siste åra. Historia om Pilt-Ola er blitt meir populær enn nokon gong, 164 år etter hans død. Skal me ut å gå ein tur, eller?

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This