Opplev Ryfylke i Stavanger på

GLADMAT 2018

Med dei beste produkta, dyktige kokkar og jordnært vertsskap ønskjer me velkomen til Ryfylketeltet under Gladmat 18.-21. juli. Smak på Ryfylke, i form av mat, aktivitetar og attraksjonar. Velkomen til Ryfylke heile året! Velkomen til Ryfylke i Stavanger i juli!

Finn stand 303 og nyt Ryfylke!

Rett på sida av Fisketorget kan du smaka, le og handla det beste frå Ryfylke. For me gjev deg både mat, basar, info og glimt frå Ryfylke. Fire innhaldsrike og mettande dagar i Stavanger, og det skjer verkeleg i Ryfylketeltet.

Her er det kokkar, produsentar og begeistra vertsskap, som skal gje deg både smak og lyst på Ryfylke.

Klikk deg inn på Gladmatkartet som Jens Flesjå har illustrert for å sjå kor du finn oss. Då veit du omtrent kor du skal finna folk og mat frå Ryfylke.

Her er forresten programmet for heile Gladmat.

KVA SKJER I RYFYLKETELTET?

Kveiteshow, basar og møt produsenten. Ja, me må jo ha litt kjekke aktivitetar på standen. Dessutan kan du bli kjent med både folk og plassar i Ryfylke når du trykkjer deg rundt i Ryfylke på vår touchskjerm.

Få med deg følgjande aktivitetar:

Kveiteshow kvar dag kl. 14 i Ryfylketeltet

m/ Sterling Chef Frode Selvaag

Sterling White Halibut produserer verdas beste og reinaste kveite. Smak, lær, le og nyt!

Les meir om kveita på https://nb-no.facebook.com/SterlingWhiteHalibut/

Møt produsenten

Bli kjent med fleire av våre aktørar, få smaksprøvar og lær om folk og produkt:

Onsdag kl 16. King Mikal Salmon

Onsdag kl. 17 Fjellmat frå Suldal

Torsdag kl. 16 Grønvik Gard

Fredag kl. 16 Ryfylke Mat

Laurdag kl. 12 Fjellam frå Ryfylke

Basar

Ryfylke er kjent for sine mange basarar. Nå blir det skikkeleg basarstemning og fine matgevinstar

Fredag 20. juli kl. 17 i Ryfylketeltet

Følg med på nett og fjesbok

Du kan både smaka, konkurrera og vinna om du kjem
innom oss i løpet av Gladmatfesten 18.-21. juli.

Meny

Ryfylkeplanke, Gladmatrett og mange spennande produkt og varer.
Og hos oss kan du betala med kontantar, Vipps og kort.

Ryfylke sin Gladmatrett:

Konfitert* vaktel m potetpuré  

Vaktelen kjem frå Strand Gård på Tau. Harald og Anne Strand alar opp vaktlar for slakt, samt sel også vaktelegg. Denne litle fuglen er ein delikatesse. Kokk Terje Bjørndal frå Kulp på Sand, lagar årets Gladmatrett.

*Konfitering er ein tradisjonsrik konserverings- og matlagingsmetode der ein først saltar og deretter langsomt kokar kjøt, fugl eller fisk i feitt. Kjøtet blir då mørt og smakfullt.

PRIS: 40,-

Produkt og råvarer:

Kjøp med deg mat og drikke til kos i heimen, med vener eller kor det skal vera. Her er alt frå fjord, fjell, hei, gard, bakeri og meir frå det ryfylkske kjøkken.

PRIS: Variert

Ryfylkeplanken:

Seks rettar og drikke på ein og same tallerken.

På Ryfylkeplanken finn du:

Kveite –  Sterling White Halibut

Lefse og flatbrød –  Ryfylke Lefsebakeri

Røykelaks –  King Mikal Salmon

Fyr og flamme-pølse –  Ryfylke Mat

Fenalår –  Fjellam frå Ryfylke

Angus – Mikal Hetland

Tomat – Lauvsnes Gartneri

Suksessplett – Ryfylke Bakeri & Konditori

Servert med enten eplemost frå Grønvik Gard eller øl frå Lilland Bryggerihotell.

PRIS: 150,-

Produsentar og Råvarer

Kjøp med deg mat og drikke til kos i heimen, med vener eller kor det skal vera.
Her er alt frå fjord, fjell, hei, gard, bakeri og meir frå det ryfylkske kjøkken

Lyst på ein vaktel?

Hei. Me er Anne og Harald fra Strand Gård på Tau i Strand kommune. Her driv me oppdrett og slakt av vaktlar og mangalitsa-griser. Besøk oss på Gladmat og få en unik sjanse til å smake på produkta våre. Har du aldri smakt vaktel før? Prøv gjerne på Gladmat for første gong. I år er vaktel gladmatretten i Ryfylketeltet! Talast då!

Les meir på www.ryfylkevaktel.no

Kraft i kvar kjøtbit

Hei. Me er ekteparet Janne Hindrumsen og Nicholas Guindani frå Sauda. Saman driv me Ryfylke Mat og Kraft Kafé  i Sauda. Ryfylke Mat vidareforedlar kjøt frå lokale dyr frå Ryfylke. Meproduserer pølser, pinnekjøtt, fenalår og mykje anna godt. Du får smaka litt av kvart frå oss i Ryfylketeltet på Gladmat i år. Kraft Kafé er nyleg opna i det nye Folkets Hus i Sauda. Besøk oss då vel! Velkomen til unike matopplevingar!”

Les meir på www.ryfylkemat.com

Beste røykelaksen i Norge?

Eg heiter Mikal Viga og produserer den beste røykelaksen i Norge. King Mikal Salmon held til på Skiftun i Hjelmeland kommune. Du finn produkta våre rundt i ulike butikkar. Og sjølvsagt treff du oss på Ryfylkestanden under Gladmat i Stavanger 18.-21. juli.

Les meir på www.kingmikal.no

Den gode smaken frå heiå!

I Ryfylke har bøndene lang og stolt tradisjon med å senda sauene på eit frodig og rikt fjellbeite om sommaren. Beite bugnar av urter, vier og friskt gras som gir oss sterke, sunne og smaksrike lam frå Ryfylke. Dette er reine og naturlege kjøttprodukt som held høg kvalitet på smak.

Fjellam frå Ryfylke SA består av 40 saueprodusentar frå heile Ryfylke. Kvalitetskjøtet frå lam som har vore i heia. Hausten 2018 kan me tilby ferskt kjøt, pinnakjøt og fenalår. Du kan smaka våre godsaker på Ryfylkestanden under Gladmat 18.-21. juli i Stavanger.

Les meir om Fjellam frå Ryfylke på www.fjellam.no

Foto: Jan Nordtveit

Beste eplemost i Norge?

Hei, eg heiter Elisabeth Grønvik og produserer eplemost på Grønvik Gard i Hjelmeland. Ikkje for å skrøyta, men to år på rad har eg vunne pris for beste eplemost under «Det norske måltid.» Du har vel lyst å smaka eplemosten som eg lagar? Kom til Ryfylke sin Gladmatstand 18.-21. juli. Der får du drukke eplemost og ete fantastiske rettar frå Ryfylke.

Les meir på www.gronvikgard.no

Søt smak av Ryfylke

Her er gjengen som til dagleg arbeider ved Ryfylke bakeri & konditori. Me baker brød og kaker på Jørpeland, og seljer varene våre på Ryfylke kafè i sentrum av Jørpeland og på Tau. Me har vore på Gladmat i mange år, og der har suksesspletten vår blitt ein stor slager.  Den får du sjølvsagt tak i i år også, til og med på Ryfylkeplanken. På Gladmat kan du også kjøpa brød frå oss, og fleire typer lekre kaker. Kom og smak, og få ei søt og god oppleving.

Les meir på www.ryfylkebakeri.no

Møt fleire produsentar frå Ryfylke på www.rymat.no
Velkomen til Ryfylke i Stavanger fire dagar i juli. Og velkomen til Ryfylke i Ryfylke heile året! Me har god plass!

Glimt av Ryfylke

Velde vekk bylivet

18 år gammal, medan han gjekk på vidaregåande, bygde han sitt eige topp moderne kyllinghus på Runestad med plass til 20 000 kyllingar, eller 140 000 kyllingar per år. 22 år gammal kjøpte han seg leilegheit i Stavanger og byrja jobba som finansrådgjevar for landbrukskundar i Sr-bank.

Padlar på turismebølga

Sesongen i Lysefjorden Kajakkutleie startar etter påske og held som regel fram til midten av september. I 2016 hadde bedrifta siste turen i november. På ein typisk arbeidsdag er Øyvind Stuvik i Lysefjorden Kajakkutleige oppe rundt klokka sju, før han får på seg solkrem og lagar niste. Vanlegvis har dei kundar både på utleige og guida tur.

Matlosen

Cathrine Vierli Selvaag landar i stolen framfor oss. Dagen er framleis ung, men ho har allereie fått sønene i barnehagen og sett to lærevillige ungdommar frå prosjektet Læring i Næring i sving, dei skal lage mat som Ryfylkekokken kan spare på, konservering av frukt og bær frå Ryfylke, som kjem godt med når neste oppdrag står for tur.

Ryfylkealliansen
Ryfylke Næringshage, Nedre Hauskjeneset 3, 4160 FINNØY
Kontaktpersonar

Tor Øyvind Skeiseid

Prosjektleiar
Telefon: 982 06 333
E-post: tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne

Prosjektmedarbeidar
Telefon: 907 73 796
E-post: svanhild@ryfylkelivsgnist.no
Ryfylke IKS
Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND
Kontaktpersonar

Geir Ims

Dagleg leiar
Telefon: 913 29 657
E-post: geir.ims@ryfylkeiks.no

Astrid Sørum

Admin
Telefon: 916 75 609
E-post: astrid@ryfylkeiks.no

Ketil Barkved

Regionutviklar
Telefon: 917 66 096
E-post: ketil.barkved@ryfylkeiks.no
Ryfylkefondet
Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND
Kontaktpersonar

Torkel Myklebust

Fondstyrar
Telefon: 414 47 800
E-post: torkel.myklebust@ryvet.no