Glimt frå mangfaldige Ryfylke

nov 2, 2018 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Mange av oss likar å skryta av vårt eige og visa fram godsida. Slik tenkjer også me når me skal visa fram Ryfylke. På forsommaren sende me fotograf Benjamin Nordhagen i Portal Norge ut på fotooppdrag for å visa mangfaldet i næringslivet og naturen i Ryfylke. Benjamin drog høgt og lågt i kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Finnøy, Strand og Forsand. Og ja, det er mangfald – og ikkje minst vakkert. Me er fullt klar over at sola ikkje alltid skin frå skyfri himmel i Ryfylke heller. Men, det var ikkje vår feil at det var fint i så mange dagar …

I filmsekvensen viser me berre noko av det Ryfylke er og byr på. Men, då vil du sjå alt frå industri, badeanlegg, tomatar, kveite, fjordar, bruer, fjell og ferjer. Kanskje får du litt ekstra lyst på Ryfylke når du ser bileta? Velkomen som gjest, ny innbyggjar og etablerar! Me har plass til deg!

Her er ein smakebit frå Ryfylke.

Vil du bli litt meir kjent med kvar kommune? Gå inn her https://ryfylke.no/bu-ryfylke/#kommunar og finn den enkelte kommune og ein videosnutt frå kvar av kommunane.

Arkiv

Relaterte innlegg

Hopp i havet – for ein start

Hopp i havet – for ein start

Målet var 20 000 besøkjande på eit år. Etter to og ein halv månad har det nye badeanlegget i Suldal passert 15 000 badegjestar. – Folk har stått i kø. Men, dei har tatt det med eit smil, fortel Suldal Bad-sjef Bonolo Ramphomane-Aandahl. Suldal Bad-sjef...

Strake vegen mot bru

Strake vegen mot bru

Nå er det full marsj mot bru til Helgøy i Hjelmeland. – Brua bør vera klar om to år, meiner rådmann Wictor Juul i Hjelmeland kommune. – Eg trur eg feirar jul i år med å køyra over brua, meiner ein langt meir optimistisk helgøybu Jon Arne Helgøy. Samferdselsgledene er...

Hjelmeland lokka og leverte

Hjelmeland lokka og leverte

Den som trudde ryfylkingen var inneslutta og smålåten, tok feil. Hjelmeland kommune inviterte og inspirerte, både tilreisande og seg sjølv. Januar blei reine «look to Helmet Country.» Ryfasteffekt eller varig glede? Kven veit? Kjekt var det uansett. - Eg er imponert...

Pin It on Pinterest

Share This