GLIMT AV RYFYLKE

100 år sidan straumeventyret starta

20. oktober 1919 blei kraftstasjonen Sauda I kopla til nettet og Sauda hadde sin eigen elektrisitet. Denne kraftproduksjonen blei grunnlaget for Sauda si store utvikling.
TEKST OG FOTO: AVISA RYFYLKE

ORIGINALT PÅ TRYKK: WWW.RYFYLKE.NET

Sjølv om Saudefaldene blei stifta i 1913, er det i år at selskapet kan jubilere som kraftprodusent og Sauda jubilere som eit kraftproduserande samfunn. Kraftstasjonen i Hellandsbygd, som fekk namnet Sauda I, blei kopla til straumnettet 20. oktober 1919 klokka 08.16.

Som namnet tilseier var dette den første av fleire kraftstasjonar som Saudefaldene skulle bygge. Men frå 20. oktober dette året kunne Saudefaldene alt levere meir kraft enn kva smelteverket, som ikkje var ferdig utbygd ennå, kunne bruke.

Den 23. desember 1919 blei første straumleveranse levert til Sauda kommunale elektrisitetsverk. Deretter blei det ei gradvis elektrifisering av bebyggelsen i Sauda. Først ute var nok offentlege kontor og handelsstanden i sentrum. Av bustadhus var Åbøbyen tidleg ute med straum og varmt vatn. For andre private tok det lenger tid, da dette også var eit økonmisk spørsmål.

Innbyggarane i Hellandsbygd hadde da alt hatt elektrisitet ei god stund, til og med før Sauda I blei sett i drift. Under anleggstida til kraftutbygginga blei det først bygd ein provisorisk kraftstasjon i Førstavannselva, som blei sett i drift sommaren 1915. Denne straumen blei blant anna brukt til boreutstyret i tunnelane, men før dette skjedde blei det brukt handboring. Sommaren 1916 skal det ha vore straum i dei to maskinistbustadane i Hellandsbygd. Det vesle samfunnet hadde faktisk gatelys, lenge før størstedelen av Norge.

Mangeårig utbygging

Etter at Sauda I var ferdig, blei Sauda II bygd. Dette er kraftstasjonen ved Dalvann. Denne stod ferdig i 1922. Deretter blei Sauda III bygd i Sønnåhamn rett ved fabrikken, og begynte å levere straum i februar 1931. Sauda IV stod ferdig i 1968. Dette var den første kraftstasjonen Saudefaldene bygde inne i fjellet. Den står rett ved sida av Sauda I i Hellandsbygd, men er ganske ukjent for folk flest sidan den ikkje er synleg.

Verken Sauda I eller Sauda III er i drift i dag. Desse to kraftstasjonane er erstatta av Sønnå kraftverk, som er bygd inne i fjellet ved sida av Sauda III. Sønnå kraftverk blei sett i drift i 2008.

Store utfordringar

Bak elektrifiseringa av saudasamfunnet låg eit ufatteleg slit i vanskelege tider. Anleggsperioden til kraftutbygginga starta i ein tideleg fase av første verdskrig. I Saudefaldenes 50-års-bok blir det utfordrande anleggslivet skildra slik:

”Det hadde vært selskapets skjebne å starte utbyggingen midt i krigens tid. Vanskelighetene tårnet seg opp på grunn av forhold ingen kunne være herre over. Rommelige kalkyler måtte mangedobles på grunn av prisstigning, materiell ble forsinket og avtaler gikk overstyr. Og så en nesten uavbrutt kamp mot naturens luner i ulent høyfjellsterreng.”

I tillegg til at prisstiginga var ekstrem og sprengte alle kalkylar, var matmangelen i periodar stor, i periodar var det mangel på arbeidskraft, halvparten av arbeidarane streika i fem månader, året etter slo spanskesjuka ut halvparten av arbeidsstyrken, den første leveransen med generatorar gjekk ned då amerikalinja ”Nils” forliste, USA hadde i ein periode eksportforbod som førte til full stans i arbeidet i eit halvt år og alle arbeidarane blei sagt opp, ekstremvêr førte til at den provisoriske kraftstasjonen blei oversvømt to gonger. I tillegg måtte dei sprenge dam 2 ved Førstavann for å forhindre katastrofe i Hellandsbygd. Under ein kraftig flaum steig vatnet halvannan meter på éin time. Hestane orka i periodar lite på grunn av fôrmangel, og den første linjetraseen måtte byggast i tre på grunn av mangel på jern.

Då første del av anlegget var ferdig og leverte straum, fortsette utfordringane. I starten av 1920-åra var Saudefaldene i økonomisk krise. Inntektene frå kraftsalet dekte ikkje utgiftene. 31. desember 1924 hadde gjelda stige til 27,7 millionar kroner og var nå nær det sjudobla av aksjekapitalen på 3,9 millionar kroner. Norske bankar var i krise og Saudefaldene måtte skaffe kapital i USA gjennom EFP. Dette igjen førte til at Stortinget måtte akseptere at konsesjonen til Saudefaldene blei endra, noko som sat langt inne.

Kummerlege forhold

I boka ”Arbeidsfolk forteller. Renhårig slusk” forteller ei anleggskokke om arbeidsforholda ho hadde ved Dalvann i 1916:

”Jeg hadde 28 mann i den brakka, og det var firemanns rom. Ellers var det spisesal, kjøkken, spiskammers og et ørlite ”knep”. Der var det fælt å være. Surt og kaldt og dårlig ved, snøen fauk innover golvet, og om morran lå det store fonner. Det var rart at ikke karane fraus i hæl, og jeg syntes det var rart at folk klarte å sitte i spisesalen, for det var så kaldt at det var en gru. Jeg måtte lage mat og koke med rå ved, og det rauk så jeg nesten ikke kunne se.”

Maten anleggsfolket skulle holde ut ein full arbeidsdag på var ikkje av det kulinariske slaget.

”Vi fikk argentinsk kjøtt – grovt og fælt – og så salt at det nesten ikke var smak i det. Lite poteter og mest kålrabi til middag, dårlig brød og vondt smør. Det var taubane opp til toppen, og rett som det var stoppet den. Var det poteter i kassene, så fraus de med en gang, og mer enn en gang satt jeg og skrelte frosne poteter.”, ifølge den same kokka.

 

Imponert direktør

Til tross for dårleg utbygd infrastruktur og enkle tekniske hjelpemiddel, var det imponerande kva dei fekk til på kort tid.

Dagens direktør i Saudefaldene, Svein Ilstad, meiner det absolutt er verdt å reflektere over tempoet i utbygginga:

– Anleggsarbeida starta i mars 1915. Dei bygde kai og kranar i Sønnåhamn, veg til Hellandsbygd, ferge over Storlivatn, taubane til Dalvatn/Holmavatn, bustader i Sauda/Hellandsbygd, provisorisk kraftstasjon i Førstavannselva, tunellar, røyrgater, trallebanar, damanlegg og kraftstasjonar. Og til tross for alle problem dei opplevde var det klart til oppstart av Sauda I etter fire år.

Da kraftstasjonen Sauda I i Hellandsbygd blei sett i drift 20. oktober 1919, kunne smelteverket i Sauda motta straum for første gong. Foto: Sauda Lokalarkiv.

Pin It on Pinterest

Share This