GLIMT AV RYFYLKE

Padlar på turismebølga

Kvar sesong for Lysefjorden Kajakkutleie byr på fleire eventyrlystne turistar enn året før. Dette merkar dei på både språkkunnskapane, kulturforskjellane og det auka samarbeidet mellom reiselivsaktørane i området. I år er bedrifta klare med utvida tilbod om guida turar.

TEKST: Maria Djuve Vågen, Mitt Ryfylke
Foto: Privat

Originalt på trykk: nr 1/2017 – mai – mittryfylke.no

Øyvind Stuvik, snart 37 år

Busted: Jørpeland i Strand kommune
Bur saman med kona og jentene deira på fire og åtte år.
Kjem frå: Jelsa

– Jobba tidlegare som matros og motormaskinpassar i Rødne Fjord Cruise i over 10 år.

-Byrja med padling i kajakk etter kurs frå Noregs Padleforbund, kjøpte seg deretter to kajakkar til privat bruk.

– I 2007 tok Stuvik steget frå hobby til firma og etablerte Lysefjorden Kajakkutleige

– Har gradvis utvida tilbodet til turistar via skreddarsydde turar og guida turar

-Kan i år kan tilby 35 kajakkar og eit knippe guida turar i Lysefjorden og rundt Jørpelandsøyane.

– Tilbyr også overnattingsturar i telt til Dørvika

 

Sesongen i Lysefjorden Kajakkutleie startar etter påske og held som regel fram til midten av september. I 2016 hadde bedrifta siste turen i november. På ein typisk arbeidsdag er Øyvind Stuvik i Lysefjorden Kajakkutleige oppe rundt klokka sju, før han får på seg solkrem og lagar niste. Vanlegvis har dei kundar både på utleige og guida tur. Morgontimane går då til å hjelpe dei som leiger kajakk med pakkinga og vise praktiske ordningar. Klokka 12 er han ute på guida tur rundt Jørpelandsøyane i to og ein halv time, der han fortel om alt frå fugl til fisk.

– Det er alltid like spennande kva ein ser. Kva ein ser av fuglar og fisk varierer. Det gjer også vêret. Om du har vore der hundre gonger før er det alltid fint på turen, seier Stuvik og fortel vidare at han gjerne tar seg ein tur utpå fjorden med kajakken aleine også. Då finn han roen og slappar av.

Mange er fascinerte over at ein kan ha så mykje urørt natur rett utføre tettstadane og byane. Det er også enklare å ta seg ut i naturen i Noreg enn andre stader. Stuvik minnast ei gruppe han hadde med seg frå India:

 

– Dei var heilt overraska over at det ikkje var farlege dyr her. Dei spurde meg “you really don’t have a gun? ” Det at dei kunne ta i vatnet, og gå på land utan fare for å møte tigrar var ei ny oppleving, seier han.

Storparten av kundane hjå Lysefjorden Kajakkutleie er frå utlandet, og kjem i hovudsak frå Tyskland, Nederland, Sveits og Danmark for å oppleve norsk natur. Årleg kjem det og grupper frå Kina og Australia. Dei får nokre henvendelsar frå nordmenn, men mest i form av teambuildingturar for bedrifter.

– Telefonen ringer i eitt gjennom sommaren. Eg blei til og med kontakta av telefonoperatøren for å bekrefte telefonloggen min. Det var ein god del land på lista, ler Stuvik.

Med auken i utanlandske turistar har han også fått trent engelskkunnskapane, og fortel at han ikkje såg seg sjølv som best i klassen på dette feltet.

– Når ein blir tvinga til å snakke engelsk blir ein berre betre, og du verda som ein lærer! Han fortel at han lærer om lag eitt nytt ord per guida tur.

 

Dei besøkande kjem med varierande bakgrunn innan padling og med forskjellig forståing av sikkerheita som trengs. I Lysefjorden Kajakkutleige forhøyrer dei seg om erfaring, redningsteknikkar og sertifikat på førehand. Om turistane ikkje kan vise til at dei har den kunnskapen som trengs, får dei ikkje leige kajakk og ta ut på eigen hand. Det er ein av grunnane til at bedrifta tilbyr guida turar.

– Me har vore strenge på sikkerheita sidan fyrste året. Nokre kan nok føle seg snytt om me nektar dei, men me vil helst vere på sikre sida. Til no har det vore lite uhell og tull, fortel Stuvik fast.

Nytt av året er overnattingsturar i telt der Lysefjorden Kajakkutleige tek seg av utstyr til tur og overnatting. Turen går frå Forsand inn til Dørvika som byr på utsikt til Preikestolen, og er samstundes godt skjerma frå vêr og vind. Der har dei tilgang til fasilitetar og bilveg om nokon skulle få kalde føter. Lysefjorden Kajakkutleie har opplevd god respons på dette tilbodet med fleire større grupper allereie booka for tur.

Store turistattraksjonar som Preikestolen (300 000 besøkande årleg i 2016), Kjeragbolten og Lysefjorden har skapt ein god grobotn for fleire turistaktivitetar. Kajakkutleige og skreddarsydde opplevingar har freista mange eventyrlystne turistar. Det var i 2007 at Øyvind Stuvik såg dette potensialet, og bytta ut matrosjobben i Rødne Fjord Cruise med utleige av kajakk ved ferjekaien i Forsand, som blei til Lysefjorden Kajakkutleige.

Sidan Preikestolen er ein av dei store turistmagnetane i Forsand, var det her han satsa først på ringverknadane av turistindustrien med drop-in kundar.

 

– Før var det lite organiserte tilbod om opplevingar i Lysefjorden. Fleire har kome ned frå Preikestolen og spurt “What to do now?”, forklarar han. Me har opplevd meir pågang år for år, eg tenker kvart år at eg håpar det er like mange som i fjor, men det er alltid fleire, seier Stuvik engasjert.

No opplever Stuvik at besøkande tek direkte kontakt med dei utan nødvendigvis å ha gått fjellturane eller sett Lysefjorden først.

– No kjem fleire kun for å padle. Dette er ikkje drop-in kundar, men folk som har planlagt eit halvt år fram i tid.

Lysefjorden Kajakkutleie fekk raskt ei rolle som turistinformasjonssenter, der besøkande etterspurde informasjon om overnatting, matbutikkar, og andre aktivitetar i området. Stuvik byrja etterkvart også å vere med på planlegginga av hotell, mat og utstyr etter turistanes eigne ynskje.

– Dei vil lande på Sola, så vil dei ikkje tenke på planlegging og organisering meir, seier han og fortel vidare at dette passar han godt som trivs med å skreddarsy turane.

Dette har vidare ført til god kontakt og samarbeid med forskjellige reiselivsaktørar i Lysefjorden. Stuvik fortel at kommunane og Region Stavanger legg opp til samhandling på tvers av bedriftene for å gjere det enklast mogleg for turistane. Lysefjorden Kajakkutleie har nyleg inngått samarbeid med opplevelsesbedrifta Outdoorlife Norway på bookingnettside, og saman kan dei tilby turistane gode opplevingar i og rundt Lysefjorden via fjordexpedition.com.

 

– Me har funne ut at me er over middels engasjerte i det me driv på med, og nokre ting kan me gå i lag på, seier han og viser og til at nokre prosessar som HMS-sikring og marknadsføring er lettare om ein er fleire i lag.

– Ryfylke er knøttliten i verda, difor er det berre ein fordel med samarbeid mellom aktørane.

Sjølv med aukande interesse frå både nasjonal og internasjonal turisme er det alltid eit spørsmål om ein skal satse og i så fall, kor mykje. For Lysefjorden Kajakkutleige har det vore ei gradvis satsing med åra der dei no har samla 35 kajakkar, og tilsett to nye guidar slik at dei til saman er fem tilsette gjennom sesongen 2017. Stuvik er takksam for at kommunen leiger ut lokalet ved ferjekaien til han, som er ei gunstig plassering for bedrifta. Vidare fortel han at om sesongen i år går bra, blir neste steg å få eit lokale på Jørpeland og.

– Ein veit ikkje kvar det går før ein har prøvd, konkluderer Stuvik.

Sjå original artikkel her.

Andre sakar frå

Glimt av Ryfylke

Velde vekk bylivet

18 år gammal, medan han gjekk på vidaregåande, bygde han sitt eige topp moderne kyllinghus på Runestad med plass til 20 000 kyllingar, eller 140 000 kyllingar per år. 22 år gammal kjøpte han seg leilegheit i Stavanger og byrja jobba som finansrådgjevar for landbrukskundar i Sr-bank.

Matlosen

Cathrine Vierli Selvaag landar i stolen framfor oss. Dagen er framleis ung, men ho har allereie fått sønene i barnehagen og sett to lærevillige ungdommar frå prosjektet Læring i Næring i sving, dei skal lage mat som Ryfylkekokken kan spare på, konservering av frukt og bær frå Ryfylke, som kjem godt med når neste oppdrag står for tur.

Fjord & Fjell delikatesser

Roger Vik forteller om maidagen i 2016 da Øyra bakeri i Sauda, som han hadde overtatt og drevet siden januar samme år, brant ned til grunnen. Brannen startet i ventilasjonsanlegget mens han var på jobb. Flammene tok raskt overhånd, og den unge bakeren kunne ikke gjøre annet enn å være vitne til at arbeidsplassen brant ned.

NYHENDEBREV

Ryfylkealliansen
Ryfylke Næringshage, Nedre Hauskjeneset 3, 4160 FINNØY
Kontaktpersonar

Tor Øyvind Skeiseid


Prosjektleiar

Telefon: 982 06 333
E-post: tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne


Prosjektmedarbeidar

Telefon: 907 73 796
E-post: svanhild@ryfylkelivsgnist.no
Ryfylke IKS
Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND
Kontaktpersonar

Geir Ims


Dagleg leiar

Telefon: 913 29 657
E-post: geir.ims@ryfylkeiks.no

Astrid Sørum


Admin

Telefon: 916 75 609
E-post: astrid@ryfylkeiks.no

Ketil Barkved


Regionutviklar

Telefon: 917 66 096
E-post: ketil.barkved@ryfylkeiks.no
Ryfylkefondet
Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND
Kontaktpersonar

Torkel Myklebust


Fondstyrar

Telefon: 414 47 800
E-post: torkel.myklebust@ryvet.no

Pin It on Pinterest

Share This