GLIMT AV RYFYLKE

Blodslit til 1 krone og 50 øre dagen

I 1882 starta gruvedrifta i Allmannajuvet. I løpet av 17 år laga gruvearbeidarane over to kilometer med gruvegangar.

TEKST og Foto: Frank Waal / Avisa Ryfylke

Originalt på trykk: www.ryfylke.net

Turistanlegget i Allmannajuvet hadde i dag ikkje eksistert dersom det ikkje hadde vore gruvedrift der på slutten av 1800-talet. I kun 17 år var det drift i sinkgruvene, men i løpet av desse 17 åra sette gruvearbeidarane evige spor etter seg, kun med hjelp av enkle arbeidsreiskaper.

Det kortvarige gruveeventyret starta med at husmannen Gregorius Hansen Birkeland oppdaga malm han meinte kunne ha verdi for framtidig gruvedrift. Truleg var det koppar han venta å finne, men etter at ekspertar hadde analysert funnet viste det seg at steinprøven inneheldt mest sink, sjølv om den innehaldt også andre mineral som for eksempel kopparkis og svovelkis.

2. oktober 1881 blei funnet offisielt registrert. Året etter starta gruvedrifta og Sauda Grube Compagni hadde 20 mann i arbeid. Malm blei tatt ut av fjellet og frakta med kløvhest ned til fjorden. Ein hest tok 100 kilo malm på ryggen. Ein mann tok 25 kilo.

 

Kostbar gruveveg

I 1883 blei arbeidsstokken auka til 80 mann. Året etter bygde Saude Grube Compagni veg heilt opp til gruveopninga for å effektivisere arbeidet med å transportere malmen ned til fjorden, der dampbåt frakta den vidare, hovudsakleg til Tyskland og Belgia. Vegen kosta 50 000 kroner, som var mykje pengar den gong, og 80 mann jobba med vegbygginga. Siste del av vegen er inntakt den dag i dag og er det som blir kalla gruvestien og som endar ved gruveinngangen til hovudgruva.
Men på grunn av synkande sinkprisar blir det etter kvart minimalt med drift i gruva. I 1888 blir sinkforekomsten seld til England. Med nye eigarar tar gruvedrifta seg opp igjen. I 1897 arbeider det heile 168 personar i gruva. Men to år etter er det slutt og gruvedrifta opphøyrer. Seinare blir det gjort eit par forsøk på å starte opp igjen gruvedrift, men det blir ikkje sett på som drivverdig.

Kjempa for løna
Arbeidet i gruva var hardt. Arbeidsdagane var på tolv timar og arbeidsreiskapen var av det enkle slaget. Til å begynne med blei det brukt handbor. Seinare fekk dei luftbor. I tillegg blei det også brukt krutt.

Lønningane stod i starten ikkje i stil til det harde arbeidet. Dagslønna til ein gruveslusk var 1 krone og 50 øre. Den steig så til 1 krone og 70 øre, men arbeidarane streika og oppsøkte direktøren med krav om 2 kroner i dagslønn. Dei blei møtt av ein direktør som avslo kravet, med revolver i handa. Men etter kvart fekk dei gjennomslag for lønnskrava og i 1890 hadde dagslønna for dei fleste arbeidarane stige til 2 kroner og 50 øre. I siste halvdel av 1890-åra var løna rundt 2 kroner og 75 øre. Det var mykje meir enn kva tenestefolk fekk på gardane. Det var også meir enn kva enkelte bønder tente.

-Arbeidsdagane var på tolv timar og arbeidsreiskapen var av det enkle slaget. (…) Dagslønna til ein gruveslusk var 1 krone og 50 øre.

Allmannajuvet i dag

I dag kan du oppleve gruvedrifta på nytt gjennom turistanlegget i Allmannajuvet. Frå fylkesvegen kan du gå den gamle gruvestien inn til sinkgruvene og deretter få ein guida tur inn i sinkgruvene. Mesteparten av sinkgruvene er stengt for allmenn ferdsel, men den delen som er tilgjengeleg for besøkande er meir enn lang nok til at du får ein god spasertur innover gruvegangane med hjelm og lykt. Men det er kun gjennom guida tur sinkgruvene er tilgjengelege.

Dei tre bygga som er sett opp i Allmannajuvet er designa etter inspirasjon frå dei gamle byggverka som stod der under gruvedrifta for over hundre år sidan. Fleire av dei nødvendige installasjonane stod på pelar i det bratte og steinfylte området. I det eine av dagens tre bygg, som er teikna av den verdsberømte arkitekten Peter Zumthor, kan du lese om den gamle gruvedrifta.

I tillegg er det bygd eit kafébygg og eit servicebygg, som også inneheld toalett. Gjennom sommaren er heile anlegget ope kvar dag, også dei guida turane i sinkgruvene.

Sveitsarosten Sauda

At gruvedrifta blei erstatta av vasskraftutbygging og smelteverksindustri, er godt synleg i Allmannajuvet, der røyrgata som fraktar vatn ned til kraftstasjonen i Søndenåhamn, kryssar gruvestien og er synleg i dagen. Men der gruvedrifta enda opp med 2–2,5 kilometer tunnelar i fjellet, består vassanlegga i Sauda i dag av 70–80 kilometer tunnelar og sjakter i fjellet.
Saudasamfunnet er på mange måtar ein sveitserost i form av tunnelar som ikkje er synlege og tilgjengelege for folk, bortsett frå 600 meter av sinkgruvene som er opna opp for guida turar i Allmannajuvet.

Andre sakar frå

Glimt av Ryfylke

Velde vekk bylivet

18 år gammal, medan han gjekk på vidaregåande, bygde han sitt eige topp moderne kyllinghus på Runestad med plass til 20 000 kyllingar, eller 140 000 kyllingar per år. 22 år gammal kjøpte han seg leilegheit i Stavanger og byrja jobba som finansrådgjevar for landbrukskundar i Sr-bank.

Padlar på turismebølga

Sesongen i Lysefjorden Kajakkutleie startar etter påske og held som regel fram til midten av september. I 2016 hadde bedrifta siste turen i november. På ein typisk arbeidsdag er Øyvind Stuvik i Lysefjorden Kajakkutleige oppe rundt klokka sju, før han får på seg solkrem og lagar niste. Vanlegvis har dei kundar både på utleige og guida tur.

Matlosen

Cathrine Vierli Selvaag landar i stolen framfor oss. Dagen er framleis ung, men ho har allereie fått sønene i barnehagen og sett to lærevillige ungdommar frå prosjektet Læring i Næring i sving, dei skal lage mat som Ryfylkekokken kan spare på, konservering av frukt og bær frå Ryfylke, som kjem godt med når neste oppdrag står for tur.

NYHENDEBREV

Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage, Nedre Hauskjeneset 3, 4160 FINNØY

Kontaktpersonar

Tor Øyvind Skeiseid

Prosjektleiar

Telefon: 982 06 333
E-post: tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne

Prosjektmedarbeidar

Telefon: 907 73 796
E-post: svanhild@ryfylkelivsgnist.no

Ryfylke IKS

Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND

Kontaktpersonar

Øyvind Ravnaas Lundbakk

Dagleg Leiar

Telefon: 990 09 965
E-post: oyvind@ryfylkeiks.no

Geir Ims

Regionutviklar

Telefon: 913 29 657
E-post: geir.ims@ryfylkeiks.no

Ketil Barkved (i permisjon)

Regionutviklar

Telefon: 917 66 096
E-post: ketil.barkved@ryfylkeiks.no

Ryfylkefondet

Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND

Kontaktpersonar

Geir Ims

Fondstyrar

Telefon: 913 29 657
E-post: geir.ims@ryfylkeiks.no 

Pin It on Pinterest

Share This