GLIMT AV RYFYLKE

Velde vekk bylivet

Kva får ein 25 år gamal finansrådgjevar til å flytta til Fogn for å driva butikk?

TEKST og Foto: Oddbjørg Måland

Originalt på trykk: http://www.oyposten.no/

Ivar Opsal (28)

Yrke: Butikkleiar
Bur: Fogn
Hobby: Fotball/Idrett
God bok: Jan Guillou – serien om Arn
God film: Gladiator
God mat: Mormor sine kjøttkaker
Ungdomsidol: Steven Gerrard
Favorittfag på skulen: Matte
Framsnakking: Fogn og Øyfast

Kva skal du gjera i helga?
Ingenting – det betyr jobbing.

Pluss og minus med staden der du bur:
Pluss for små forhold, lett å få ting til å skje. Minus er litt for få ungdommar.

Ditt forhold til tomat:

Det har blitt betre med åra, eg er glad i tomatar. Den fyrste jobben min hadde eg som 10-åring i drivhuset til onkel John (Runestad, red. anm)

Dette er Ivar Opsal i korte trekk:

18 år gammal, medan han gjekk på vidaregåande, bygde han sitt eige topp moderne kyllinghus på Runestad med plass til 20 000 kyllingar, eller 140 000 kyllingar per år. 22 år gammal kjøpte han seg leilegheit i Stavanger og byrja jobba som finansrådgjevar for landbrukskundar i Sr-bank. 25 år gammal, i 2015, selde han den same leilegheita og sa opp den same jobben for å flytta heim igjen til Fogn.

Saman med tre kompisar tok Ivar over Joker butikken på Fogn som på det tidspunktet låg med brokken rygg. I løpet av eitt år greidde firarbanden å snu den synkande skuta, og har drive butikken med overskot kvart år sidan. Ivar er butikkleiar og jobbar 100 prosent +, medan dei tre andre har anna arbeid utanom. Han er ein aktiv mosjonist, på sommartid skjer det meste på sykkelen. Han er kaptein på fotballaget, primus motor for det årlege sykkelrittet Tour de Fogn, og rittleiar for sykkelløpet Tour of Norway for kids som blir arrangert på Fogn 9. juli I tillegg er han ofte å sjå i lett jogg rundt øya. I fjor kjøpte Ivar einebustad i “sentrum,” og reknar med at brikkene no har falle på plass.

Skjedde fort

Øyposten har fleire gonger skrive om butikken på Fogn, og korleis den har utvikla seg til å bli så mykje meir enn berre ein butikk. Det var spesielt etter at leiinga fekk midlar frå Merkur-programmet til å utvikla butikken med fleire rollar og tilleggstenestar, at den for alvor blei den viktige sosiale møteplassen for fastbuande og hyttefolk på øya. 

Kva fekk deg til å velja vekk livet i byen til fordel for Fogn?

– Det er eigentleg ein lang historie, men eg skal ta kortversjonen. Tidleg i 2014 fekk eg ein telefon av Kristoffer Østhus og Øyvind Sandanger som lurte på å overta drifta av bensinpumpene på øya, og i den forbindelse trengte litt finansiell rådgjeving. Etter kvart som me snakka tykte eg det høyrtest ut som ein god idé og tilbaud meg å vera med på investeringssida. Ikkje lenge etter var me blitt kompanjongar, seier han.

– Kort tid etterpå blei det klart at butikken kom til å bli nedlagt. Det var ikkje avklart kva som skulle skje med den og/eller kven som eventuelt skulle ta over. Coop på Finnøy var lenge ein aktuell kandidat, men det var også me etter nokre rundar i tenkeboksen. Til slutt blei det jo slik det blei, og det er eg glad for. I planane våre hadde me utpeikt ein butikkleiar, men det skar seg fordi leiinga i Joker insisterte på å ha leiar i full stilling, dermed bestemte eg meg for å ta utfordringa sjølv. Då det og var ordna , gjensto det berre å kvitta meg med jobb og leilegheit i byen, og få flyttelasset til Fogn. Etter tre månadar med intens jobbing for å stabla den nye butikken på føtene, opna me dørene med brask og bram den 10. juni 2015, direktesendt på NRK. Då hadde Fogn vore utan butikk i tre månadar, og innbyggjarane hadde verkeleg fått erfara korleis det er å vera øybuar utan butikk.

Bratt læringskurve

Var de på noko tidspunkt bekymra for om kundane ville komma tilbake til butikken?

–  Me tenkte sjølvsagt tanken, om folk hadde rekt å leggja seg til nye handlevanar og eventuelt blitt så begeistra for større vareutval og til dels lågare prisar på fastlandet, at dei ikkje ville bruka butikken. Men det var faktisk det motsette som skjedde. Me både høyrte og følte at folk ville ha butikken, og støtta opp om den. Det ga oss boosten me trengte for å gi full gass, det gjorde me, og sidan har det aldri vore tvil.

Ivar innrømmer at som nyutklekka butikkleiar var det mykje å setta seg inn i.

– Det er ikkje feil å sei at lærekurva har vore bratt. Eg kunne ingenting om butikkdrift ifrå før, og måtte læra på den harde måten. I tillegg kom personalansvaret, det var og ei ny greie å setta seg inni, men det har gått greitt. Eg er heldig som har gode folk på laget.

– Det er ikkje feil å sei at lærekurva har vore bratt. Eg kunne ingenting om butikkdrift ifrå før, og måtte læra på den harde måten.

Viktig møteplass

Sidan dei nye eigarane tok over drifta har butikken gjennomgått eit omfattande ansiktslyft, både inn – og utvendig. I tillegg til det vanlege varesortimentet tek Ivar inn ein del lokalproduserte varer, og brukar facebook til å kommunisera delikatessane ut til folket. Kvar sommar inviterer dei til folkefest og byr på gratis grillmat til alle, og det same skjer før jul med grautfest, julenisse og sal av juletre.

Butikken har som sagt utvikla seg til å bli ein viktig møteplass for mange på øya, spesielt etter at buå, eit innglasa sitteareal på utsida av butikken kom på plass for to år sidan. Kvar morgon mellom klokka 0900 og 1000 samlast ein god gjeng godt vaksne til kaffi og drøs, og det er regelen heller enn unntaket. Også om ettermiddagane er det god gang i buå med folk som stoppar innom butikken på veg heim frå jobb. I helgene får den faste gjengen selskap av hyttefolk, som ofte tek seg ekstra god tid med handlinga. Til og med etter stengetid er det folk som møter kvarandre i buå  til ein kaffikopp og drøs. Såleis er butikken meir enn berre ein stad å handla, den har blitt ein viktig bidragsytar på fleire område i det vesle lokalsamfunnet.

– Det er veldig kjekt for at oss at så mange gjer butikken til sin møteplass. Det er ikkje tvil om at det skapar aktivitet og eit godt miljø, og gjer til at andre kundar også tek seg tid til å stoppa litt opp. At folk trivast er positivt for butikken.

Unik sjanse

Du har aldri angra på at du flytta tilbake?

– Nei, eigentleg ikkje. Det har alltid ligge i korta at eg før eller seinare skulle tilbake, men kanskje ikkje så kjapt. Enkelte meinte vel kanskje at eg var litt “galen” som friviljug ga opp livet i byen for å flytta til Fogn, og dessutan var eg vel eigentleg litt for ung og, minnes eg andre meinte. 

Men, eg fekk ein sjanse der og då som eg ikkje ville takka nei til. Dessutan byrja eg kjenna meg litt ferdig med jobben i banken. På grunn av kyllinghuset har eg vore ein del heime opp gjennom åra, så eg visste jo litt om kva det gjekk i på Fogn. Eg tykkjer eg er heldig no som har full stilling i butikken og kan driva kyllinghuset i tillegg, det funkar fint. Det er atskillig enklare enn å måtte reisa til og frå byen heile tida. Men, det er klart det var kjekt å ha moglegheit til å ta seg ein bytur på laurdagskvelden når eg ville. Akkurat den biten er litt meir krevjande no.

Ungkar

No som dei fleste brikkene har falt på plass for Ivar, er det likevel eit viktig element som manglar, spesielt ifylgje kompisane. Dei har uttrykt «bekymring» for dame-situasjonen. Dei tykkjer nok Ivar er litt i treigaste laget, og burde vore meir frampå i så henseande. Etter mange mislukka, men velmeinte forsøk på kopling, bestemte dei seg for å ta skeia i ei anna hand, og melde Ivar på «realityprogrammet » på TV2, Jakten på kjærligheten.

– Ha ha, det hadde eg mest gløymt. Det er lenge sidan no, men dei lukkast heldigvis ikkje, for eg blei aldri kontakta av TV2. Tenk så flaut det ville vore. Eg er på ingen måte bekymra for den biten, eg tenker det skjer når det skjer, smiler Ivar.

Oddbjørg M. Måland

Originalt frå: http://www.oyposten.no/ 

Andre sakar frå

Glimt av Ryfylke

Padlar på turismebølga

Sesongen i Lysefjorden Kajakkutleie startar etter påske og held som regel fram til midten av september. I 2016 hadde bedrifta siste turen i november. På ein typisk arbeidsdag er Øyvind Stuvik i Lysefjorden Kajakkutleige oppe rundt klokka sju, før han får på seg solkrem og lagar niste. Vanlegvis har dei kundar både på utleige og guida tur.

Matlosen

Cathrine Vierli Selvaag landar i stolen framfor oss. Dagen er framleis ung, men ho har allereie fått sønene i barnehagen og sett to lærevillige ungdommar frå prosjektet Læring i Næring i sving, dei skal lage mat som Ryfylkekokken kan spare på, konservering av frukt og bær frå Ryfylke, som kjem godt med når neste oppdrag står for tur.

Fjord & Fjell delikatesser

Roger Vik forteller om maidagen i 2016 da Øyra bakeri i Sauda, som han hadde overtatt og drevet siden januar samme år, brant ned til grunnen. Brannen startet i ventilasjonsanlegget mens han var på jobb. Flammene tok raskt overhånd, og den unge bakeren kunne ikke gjøre annet enn å være vitne til at arbeidsplassen brant ned.

NYHENDEBREV

Ryfylkealliansen
Ryfylke Næringshage, Nedre Hauskjeneset 3, 4160 FINNØY
Kontaktpersonar

Tor Øyvind Skeiseid


Prosjektleiar

Telefon: 982 06 333
E-post: tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne


Prosjektmedarbeidar

Telefon: 907 73 796
E-post: svanhild@ryfylkelivsgnist.no
Ryfylke IKS
Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND
Kontaktpersonar

Geir Ims


Dagleg leiar

Telefon: 913 29 657
E-post: geir.ims@ryfylkeiks.no

Astrid Sørum


Admin

Telefon: 916 75 609
E-post: astrid@ryfylkeiks.no

Ketil Barkved


Regionutviklar

Telefon: 917 66 096
E-post: ketil.barkved@ryfylkeiks.no
Ryfylkefondet
Ryfylkevegen 7040, 4130 HJELMELAND
Kontaktpersonar

Torkel Myklebust


Fondstyrar

Telefon: 414 47 800
E-post: torkel.myklebust@ryvet.no

Pin It on Pinterest

Share This