Allmannajuvet er på god veg til å bli ein suksess, allereie etter to års drift. Turistanlegget i Sauda hadde ei auke i antall besøkande på 40 prosent samanlikna med i fjor. Totalt var det i underkant av 16000 besøkande innom turistanlegget denne sommaren. Fekk du ikkje tatt turen innom dette året? I juni neste år står guidane klare igjen til å ta i mot nye gjester!
Fakta: Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899. I denne perioden vart det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggetradisjon som huser forteljinga om gruvene. Attraksjonen består av eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper. Arkitekten bak bygningane er den verdskjende Peter Zumthor. (Kjelde: www.nasjonaleturistvegar.no)
Foto: Andrew Meredith og Aldo Amoretti